Interaksjonsdesigner
Fast @Statsforvalterens fellestjenester posted 14 hours ago in IT , in Offentlig sektor Shortlist Email JobJob Detail
-
Job ID 11426
Job Description
Vil du vere med og skape betre digitale møte mellom innbyggjarar, kommunar og statsforvaltarane, samt skape ein enklare arbeidskvardag for dei tilsette?
Om stillingen
Vi søkjer ein erfaren interaksjonsdesignar til Digitaliseringsavdelinga i Statsforvaltarens fellestenester (STAF). Ved særleg gode søkjarar kan det vere aktuelt med fleire tilsetjingar. Arbeidsstad er Bergen eller Leikanger.
Digitaliseringsavdelinga utviklar digitale fellesløysingar for dei 10 statsforvaltarane i landet. Som interaksjonsdesignar får du ei sentral rolle i å omsette brukarane sine behov til intuitive og universelt utforma digitale tenester. Du vil jobbe tett med fleire utviklingsteam og saman med andre fagmiljø i STAF og statsforvaltarane for å levere gode digitale løysingar til dei ti statsforvaltarembeta.
Hos oss vert du del av eit utviklingsorientert og inkluderande miljø. Det er låg terskel for å dele tankar og idear og du vil få stor påverknad i vidareutviklinga av tenestene våre.
Digitaliseringsavdelinga er samansett av fleire fagdisiplinar, med utviklarar, skjemabyggarar, prosjektleiarar og tenestedesign som hovudområder.
Arbeidsoppgåver
I denne rolla vil du mellom anna:
- designe brukarvennlege og intuitive grensesnitt som møter faktiske brukarbehov
- arbeide aktivt i vårt designsystem og bidra til å vidareutvikle designelement og retningslinjer
- innhente, analysere og omsette brukarinnsikt og forretningskrav til konkrete løysingar
- planleggje og gjennomføre workshops for deltakarar med tverrfagleg bakgrunn
- utføre brukartesting, evalueringar og brukarundersøkingar
- samarbeide tett med utviklarar
- bidra til metodikk- og prosessutvikling
Andre oppgåver i avdelinga kan påreknast.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- minimum treårig høgare utdanning innan relevant fagområde. Lang og relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet.
- erfaring som interaksjonsdesignar
- god kjennskap til UX-metodar og -verktøy
- kunnskap om universell utforming (WCAG)
- svært gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
Det er ein fordel om du òg har:
- dokumentert fagleg oppdatering, vidareutdanning eller sertifiseringar innan UX/design
- ei portefølje som viser arbeid med brukarsentrert design
- erfaring med prototypingsverktøy, gjerne Figma
- erfaring frå smidige utviklingsprosessar
- god teknologiforståing
- kunnskap om offentlig forvaltning
Hvem vi søker
Vi søker deg som:
- trivst med samarbeid og bidreg aktivt i tverrfaglege team for å nå felles mål
- evnar å forstå komplekse system og setje deg raskt inn i nye problemstillingar
- er strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
- er kreativ, nysgjerrig, utviklingsorientert og motivert av kontinuerleg forbetring
For stilling som seniorrådgivar forventar vi òg at du tek initiativ til samarbeid, deler kunnskap og kan kvalitetssikre arbeid utført av andre.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- interessante og samfunnsnyttige arbeidsoppgåver
- eit sterkt fagmiljø og gode moglegheiter for kompetanseheving
- eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med stor vilje til å skape noko saman
- fleksibel arbeidskvardag, inkludert fleksitid og sommar-/vintertid
- trening i arbeidstida
- moglegheit for heimekontor
- gode pensjons-, lån- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse
Stillinga er fast og i stillingskode 1364 seniorrådgjevar. Løn frå 692 400 til 865 000 kroner, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Frå lønna blir det trekt 2 prosent innskot til Statens pensjonskasse. Det er seks månaders prøvetid.
Vi meiner mangfald styrkjer oss og gjer oss betre i stand til å løyse samfunnsoppdraget vårt. Difor ønskjer vi søkjarar med ulik kompetanse, erfaring og bakgrunn. STAF har òg eigen livsfasepolitikk for å sikre gode arbeidsvilkår i ulike livssituasjonar.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i søknadsportalen om du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandringsbakgrunn.
Informasjon til deg som søker
Hvis du er interessert i å søke stillingen, ser vi frem til å motta din søknad.
Registrer din søknad, CV og attester/vitnemål i vårt rekrutteringsverktøy Jobbnorge. Karakterer og vitnemål lastes opp fra vitnemålsportalen. Utenlandsk utdanning må være godkjent av HK-dir eller NOKUT.
Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om deg som søker kan bli offentliggjort, selv om du ber om ikke å bli oppført på offentlig søkerliste. Du blir varslet dersom reservasjonen ikke blir imøtekommet, jf. Offentleglova § 25. Frem til søknadsfristen kan du ta kontakt med oss uten at navnet ditt blir registrert.
Om oss
Statsforvaltarens fellestenester (STAF) er ei verksemd som er underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (frå 1. januar 2024). Hovudkontoret vårt ligg i Arendal, men våre 210 kollegaer jobbar på 17 kontorstader over heile landet.
STAF utviklar og leverer digitale tenester som vert brukt av alle statsforvaltarar, av innbyggjarar og andre offentlege verksemder. Løysingane våre er smarte, brukarvenlege og effektive, og skal gi eit enklare møte med offentlege tenester.
Vidare har vi ansvar for alt IKT-utstyr og alle IKT-tenester til statsforvaltarane. Informasjonstryggleik er i kjernen av alle våre tenester, og vi beskyttar samfunnskritisk infrastruktur.
Vi utfører også andre oppgåver for statsforvaltarane gjennom å drifte arkiva deira, gjennomfører anskaffelsar og gir brukarstøtte for alle tenestene våre.
Spørsmål om stillinga
Elin Ljones
Seksjonssjef
+4747835754
elin.ljones@statsforvalteren.no
Other jobs you may like
-
Lærlinger i service- og administrasjon og it-utvikler faget Featured
- @ Patentstyret
- Innspurten 11c, 0663 Oslo, Norge
