Vil du bidra til effektiv utvikling og drift av eit spennande kontrollområde?

Fast Tolletaten i Offentlig sektor
  • Grensesvingen, 0661 Oslo, Norge Vis på kart
  • Post dato: september 30, 2021
  • Søk før : oktober 24, 2021
  • View (s) 7
E-postjobb
  • Dele:

Stillingsbeskrivelse

Tolletaten er ein etat i spennande utvikling og med mange igangverande endrings- og utviklingsprosessar. Etaten har nyleg avslutta ein omfattande omorganiseringsprosess og har etablert grensedivisjonen med hovudkontor i Moss. Den nye organiseringa skal mellom anna bidra til meir effektiv ressursutnytting, likebehandling og auka fagleg og teknologisk utviklingskraft.

Vi søkjer no seksjonssjef til seksjon Oslo 2.

Seksjon Oslo 2 er ein del av grensedivisjonsområdet Oslofjord, som har ansvar for fysisk kontroll og ekspedisjon av varer i fylka Agder, Vestfold og Telemark, Oslo og Viken. Området Oslofjord består av elleve seksjonar ved tenestestader i Kristiansand, Grenland, Sandefjord og Oslo.

Seksjonane i Oslo har ansvar for kontroll ved grensekryssande trafikk, primært ferjetrafikk, godstrafikk og fartøystrafikk, og dessutan ekspedisjon.

Grensekontrollen ved Oslo tollstad består av to grensekontrollseksjonar og ein godsseksjon. Etter at desse seksjonane blei oppretta, har det vore ei dreiing mot nye fokusområde i lys av aktuell varestraum i området og endra oppgåveløysing. Det medfører behov for vidare utvikling for best mogleg innretning og oppdragsløysing.

Det geografiske ansvarsområdet til tollstaden omfattar mykje industri- og næringsverksemd med stadig meir eksport og import av varer, og vi har ansvar for sterkt trafikkerte hamner med både gods- og passasjertrafikk i området Oslo og Viken. Tollstaden satsar derfor på meir kontroll av gods, inkludert containertrafikk, og handelsfartøy, i tillegg til at vi vil vere til stades ved den internasjonale ferjetrafikken i området.

Som leiar for seksjon Oslo 2 vil du ha eit overordna ansvar for å leie eininga administrativt og fagleg. Seksjonen har om lag 20 medarbeidarar som du vil ha personalansvar for. Hovuddelen av tenestemennene jobbar i turnus. Stillinga krev tett samarbeid med seksjonssjefane i Oslo 1 og godsseksjonen sidan desse seksjonane løyser oppdrag i fellesskap. Seksjonsleiaren rapporterer direkte til områdesjefen for område Oslofjord og inngår i leiargruppa i området.

 

Sentrale arbeidsområde: 

  • leie seksjonen
  • ha personal- og resultatansvar
  • ha plan-, rapporterings- og budsjettansvar

Undervisnings- og foredragsoppgåver og noko reising høyrer til stillinga.

 

Kvalifikasjonskrav: 

  • fullført relevant bachelorgrad (bestått fordjupingsnivå på kompetansesenteret til tolletaten i kombinasjon med svært god realkompetanse kan erstatte kravet om fullført bachelorgrad)
  • gode leiareigenskapar som bidreg til resultatoppnåing, evne til å kunne motivere dei tilsette, heilskapsforståing av oppdraget og evne til å gjennomføre nødvendige endringar i tråd med løpande prioriteringar
  • svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Leiarerfaring og erfaring frå endringsprosessar og frå offentleg sektor er ein fordel.

Leiarplakaten til tolletaten kommuniserer leiingsprinsipp som er retningsgivande for leiarane våre.

Som leiar i tolletaten må du sørgje for å løfte blikket, vere ein god rollemodell og bidra til verdiskapande samfunnsvern ved å gjennomføre, utvikle og samhandle. Vidare er det viktig at du har høg integritet, at du har evne til å skape eit godt arbeidsmiljø, og at du er mål-, resultat- og utviklingsorientert.

 

Eigenskapane dine:

  • strukturert og analytisk
  • god organisasjons- og heilskapsforståing
  • god rolleforståing og svært gode samarbeidsevner
  • sjølvstendig og initiativrik og med stor arbeidskapasitet
  • nysgjerrig og med godt humør

 

Vi tilbyr: 

  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
  • gode høve til utvikling i ein viktig samfunnsetat
  • lønn som seksjonssjef, kr 650 000–750 000 (for særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast)
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstidsordning og høve til å trene i arbeidstida
  • arbeidsstad Helsfyr

Grensedivisjonen sin posisjon på grensa sørgjer for at varene som passerer grensa til Noreg, flyt effektivt, og at dei blir kontrollerte i nødvendig grad. Tollarane våre har mykje kontakt med publikum og næringsliv og har omfattande kompetanse på etterretning, regelverk om grensekryssande varer og tiltak mot smugling. Grensedivisjonen består av seks geografiske område med ansvar for fysisk kontroll og ekspedisjon ved tollstadene, ei avdeling med ansvar for fellesfunksjonar, ein fagstab og ein styringsstab.

Vi utfører SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar. Du må kunne sikkerheitsklarerast for «hemmeleg» og levere uttømmande politiattest ved tilbod om tilsetjing.

 

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

I tolletaten er vi opptekne av mangfald. Vi jobbar for eit inkluderande arbeidsliv og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Vi bidreg i inkluderingsdugnaden og er med på å realisere regjeringa sitt mål om at 5 prosent av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med funksjonsnedsetjing og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du har behov for tilrettelegging, prøver vi å oppfylle dette så langt det lèt seg gjere. Vi gjer merksam på at opplysningar om funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hòl i CV-en kan bli brukte til statistikkformål.

 

Meir informasjon om stillinga får du ved å kontakte avdelingsdirektør Tim Gurrik på telefon 474 77 473.

Andre jobber du kanskje vil like