post@inkludi.no

Vi søkjer økonom med gode analyseferdigheiter! Er det deg?

Fast @Helse og omsorgsdepartementet in Offentlig sektor , in Økonomi/Finans/Regnskap
  • Teatergata 9, 0180 Oslo, Norge View on Map
  • Post Date : July 1, 2024
  • Apply Before : August 25, 2024
  • 0 Click(s)
  • View(s) 40
Email Job
  • Share:

Job Detail

  • Job ID 4498

Job Description

Fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar i eigaravdelinga

Om Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og primærhelse- og spesialisthelsetenesta, medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvaltning av helseføretaka. Departementet har om lag 250 tilsette.

Les meir om oss på regjeringa.no.

Om Eigaravdelinga

Hovudoppgåva til eigaravdelinga er eigarstyringa av dei regionale helseføretaka. Avdelinga arbeider med å peike ut og følgje opp styra for føretaka. Avdelinga har også ansvaret for å førebu føretaksmøte og å følgje opp krav som vert stilte på økonomi- og organiseringsområdet.

Eigaravdelinga består av 15 medarbeidarar fordelte på to seksjonar som samarbeider mykje med kvarandre. Dei to seksjonane er seksjon for økonomisk styring og seksjon for organisasjon og styring. Det er ein ledig stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar  i seksjon for økonomisk styring.

Helse- og omsorgsdepartementet skal samle ansvaret for eigar- og myndighetsstyring av spesialisthelsetenesta i ei ny avdeling. Eigaravdelinga og spesialisthelsetenesteavdelinga skal av den grunnen slåast saman. Arbeidsoppgåvene til stillinga vil bestå også i ny avdeling.

Om seksjonen

Seksjon for økonomisk styring har ansvar for det samla sjukehusopplegget med ei samla ramme på om lag 215 milliardar kroner og ein utlånsportefølje på om lag 50 milliardar kroner. Seksjonen handterer eit stort antal førespurnader og spørsmål om økonomi og investeringar i helseføretaka. Vi kan love deg utfordrande og motiverande oppgåver på eit område av stor samfunnsmessig betydning og med stor offentleg merksemd!

Arbeidsoppgåver

Som den nye kollegaen vår skal du

  • arbeide med oppgåver knytta til det økonomiske opplegget for dei regionale helseføretaka og oppfølging på økonomiområdet
  • ha eit særskilt ansvar for utvikling av rekneark, analysegrunnlag og analysar
  • vidareutvikle system for forvaltning av låna til helseføretaka og arbeide med oppgåver og analysar knytta til forvaltninga

Du vil også bidra inn i dei andre oppgåvene som høyrer til avdelinga sitt arbeidsfelt

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Du må ha

  • utdanning på masternivå innan økonomi, rekneskap, revisjon eller liknande
  • relevant erfaring frå offentleg eller privat verksemd
  • kompetanse til avansert bruk av rekneark
  • interesse for å utarbeide statistikk og analysar
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Vi krev som hovudregel minimum 3 års relevant erfaring for stilling som rådgjevar og 6 år for stilling som seniorrådgjevar.

Det er ein fordel om du har kunnskap om styringa av spesialisthelsetenesta og erfaring frå helseføretak / regionale helseføretak.

Som vår nye kollega forventar vi at du

  •  tek initiativ og er sjølvstendig
  •  er strukturert og har god gjennomføringsevne
  •  arbeider effektivt under stramme tidsfristar
  •  har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  •  har god samfunnsforståing og evne til å forstå politiske prosessar

Vi legg særleg vekt på om du er personleg eigna for stillinga.

Den som vert tilsett må kunne autoriserast for behandling av informasjon gradert Hemmeleg eller høgare etter sikkerheitslova.

Vi tilbyr

  • fast stilling
  • stillingsbrøk: 100%
  • utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • eit godt arbeidsmiljø med kompetente, engasjerte og trivelege kollegaer
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • fem veker ferie, fleksitidordning og gode velferdsordningar
  • moglegheit for trening i arbeidstida

Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet

Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.

Løn:

kr 630 000 – 950 000 avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.

2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.

Mangfald og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet

Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.

Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen

Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Bakgrunnssjekk

HOD samarbeider med Semac for bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar, og innebærerat me verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.

Slik søkjer du

Send søknad elektronisk via lenka “Søk stillinga” nedst på sida til JobbNorge.no.

Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.

Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.

Unntak fra offentlig søkerliste  

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Spørsmål om stillinga

Astri Knapstad

Avdelingsdirektør

22248289

Other jobs you may like