Underdirektør i HR-seksjonen i Administrasjonsavdelinga

Fast Helse og omsorgsdepartementet i Offentlig sektor E-postjobb
  • Dele:

Stillingsbeskrivelse

Om Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og primærhelse- og spesialisthelsetenesta, medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvaltning av helseføretaka.

Departementet har 220 tilsette.

Les meir om oss på regjeringa.no.

Om avdelinga og seksjonen

Administrasjonsavdelinga har ansvar for beredskap, internasjonalt helsesamarbeid,  HR, interne fellesoppgåver og koordinering, og skal bidra til at departementet arbeider i tråd med sentrale mål og retningsliner for sentralforvaltinga.

Om stillinga

I åra som kjem skal sentrale oppgåver for HR-seksjonen vere å effektivisere, digitalisere og tilpasse administrative tenester til nye arbeidsformer. Seksjonen har  ansvar i departementet for å forvalte og utvikle lønns- og personalpolitikk, organisasjons- og kompetanseutvikling, personalforvalting, lønstingingar, HMS, arbeidsrett, saker etter offentleglova, forvaltingslova og arbeidsmiljølova, beredskap ved arbeidskonfliktar i sektoren, planlegging av verksemda og omstillingsprosessar.

Arbeidsoppgåver

  • Vere med på å leie arbeidet i HR-seksjonen.
  • Vere ein trygg støttespelar og rådgjevar for leiar av seksjonen og leiarar i departementet.
  • Vere ein trygg støttespelar og rådgjevar for medarbeidarane i seksjonen og i departementet
  • Ta initiativ, identifisere utfordringar og arbeide sjølvstendig med oppgåver.
  • Planleggje arbeidet i seksjonen saman med leiar på kort og lang sikt.
  • HR-utviklingsoppgåver.
  • Bidra til at driftsoppgåvene på HR-feltet blir godt løyste.
  • Stedfortreder for avdelingsdirektør

Kvalifikasjonar (og eigenskapar)

  • Hovudfag/master innan samfunnsvitskap, administrasjon og leiing eller organisasjonspsykologi
  • God kjennskap til statens regelverk innan personalområdet
  • Erfaring frå HR-utviklingsarbeid, m.a. Lean-metodikk og effektiviseringsprosessar
  • Minst 8 års relevant erfaring, helst frå offentleg sektor og gjerne departement.
  • God digital kompetanse og dugleik.
  • Du bør ha leiarerfaring.
  • God kommunikasjonsdugleik, du skriv forståeleg og godt på norsk.

Personlege egenskapar

  • Leveringsfør, fleksibel og strukturert person som likar og har kompetanse til å jobbe med både utvikling, rådgjeving og varierte HR-oppgåver.
  • Evne til operativ og strategisk tenking.
  • God vurderingsevne og van med å handle raskt når det trengst.
  • Du må vere trygg i rolla som rådgjevar for leiarar.
  • Samarbeids- og serviceorientert.
  • Er ein raus og omgjengeleg person.
  • Evne til å ta initiativ og bidra til å skape forståing for endringsbehov i organisasjonen.

Vi legg særleg vekt på om du høver som person.

Vi tilbyr

  • 100 % fast stilling.
  • Sjølvstendige og varierte arbeidsoppgåver.
  • Spennande arbeidsområde med gode høve til utvikling.
  • Eit godt arbeidsmiljø med kompetente, engasjerte og trivelege kollegaer.
  • Vi har 5 veker ferie, fleksitidordning og gode velferdsordningar.

Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet

Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.

Løn:

Løn: Kr 760 000 – 840 000 avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.

2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.

Vil du vite meir?

Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kan du ta kontakt med:

Avdelingsdirektør Kathrine Kjemphol Nygård.

Telefon: 402 88 960

Mangfold og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet

Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.

Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen

Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Slik søkjer du

Send søknad elektronisk via lenka “Søk stillinga” nedst på sida til JobbNorge.no.

 

Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.

Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.

Unntak fra offentlig søkerliste  

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

 

Andre jobber du kanskje vil like