Konsulent/ førstekonsulent

Fast Klima og miljødepartementet i Offentlig sektor E-postjobb
  • Dele:

Stillingsbeskrivelse

Vi søkjer ein fleksibel kontormedarbeidar for politisk leiing

Om stillinga:

Vi har ei fast deltidsstilling med varierande arbeidstid, som kan vere både på dag- og kveldstid. Ein må også rekne med meirarbeid i perioder, og heiltid i feriar og ved sjukefråver. Omfanget av den faste stillinga er inntil 75 timar per månad.

Vi ynskjer at du har høve til å starte omgåande.

For å bli tilsett i stillinga må du kunne bli tryggleiksklarert.

Om forkontoret og dine arbeidsoppgåver:

Statsrådens og departementets forkontor er organisert som eit team på fire personar, og dekkjer sentrale servicefunksjonar for politisk leiing og departementsråd. Dine arbeidsoppgåver vil dekkje heile ansvarsområdet til forkontoret. Dette inneber mellom anna samarbeid med Regjeringa og Stortinget når det gjeld førebuingar til regjeringskonferansar, statsråd og spørjetimen. Arbeidsoppgåver vil også vere å organisere avtalar, handtere eksterne og interne førespurnader, koordinere reiser og møte, og førebu og leggje til rette presentasjonar.

Vi søkjer deg som har følgande bakgrunn:

Kvalifikasjonskrav:

  • Erfaring frå tilsvarande arbeidsoppgåver frå forkontor med høgt tempo.
  • Forståing for administrasjon og service.
  • Sterke språklege evner både munnleg og skriftleg.
  • Gode digitale evner.
  • Erfaring frå departementa.

Kandidatar med allereie godkjent autorisasjon til nivå “Konfedensielt” jfr. tryggleikslova vil bli prioritert.

For å lukkast i stillinga må du:

Ha gode samarbeidsevner, vere fleksibel, nysgjerrig og ha evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.

Kvifor skal du jobbe hos oss:

  • Ei spanande stilling i hjartet av departementet.
  • Vi har eit fellesskap med engasjerte kollegaer som er stolte av jobben sin.
  • Klima- og miljødepartementet har rom for gode utviklingsmoglegheiter.

Vi kan tilby ei rekkje sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert 1 1/2 time trening i arbeidstida. Vi har fleksibel arbeidstid tilpassa ulike fasar i livet. Du vil også få rett til pensjons- og forsikringsordning i Statens pensjonskasse.

Vil du vite meir om stillinga? Ta kontakt med kontorleder Elin Kristiansen, tlf: 22 24 57 01.

Vi er opptekne av:

Vi vil rekruttere den best kvalifiserte kandidaten til stillinga og treng difor eit breitt rekrutteringsgrunnlag. I Klima- og miljødepartementet har vi eit personalpolitisk mål om å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet og som tek i bruk potensialet i den samla kompetansen i befolkninga. Vi arbeider for å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og/eller som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ei samanhengande yrkeskarriere.

Lokala våre ligg sentralt i Oslo med kort veg til offentleg transport, og vi har gode tilretteleggingsmoglegheiter.

Er dette stillinga for deg? Les følgjande:

  • Vi ber om at du lastar opp vitnemål/karakterutskrifter (som kan hentast direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar.
  • Personalopplysningane dine vil bli tatt vare på i samsvar med GDPR.
  • Det blir gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bede om å vere unnateken frå søkarlista.
  • Søkjar vil bli orientert om dette på førehand.
  • Kvalifiserte kandidater med ulik arbeids- livserfaring blir oppmoda til å søke.

Årslønn frå kr. 386 200 – 456 400 (lønnstrinn 40 – 51), avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.

Avhengig av kvalifikasjonane dine og kor mange år med relevant arbeidserfaring vil du plasserast som konsulent eller førstekonsulent, jf. personal- og lønnspolitikken i departementet.

Om Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å ivareta heilskapen i regjeringa sin klima- og miljøpolitikk. Departementet er etatsstyrar for Artsdatabanken, Enova, Meteorologisk institutt, Miljødirektoratet, Norsk kulturminnefond, Norsk Polarinstitutt Riksantikvaren og Svalbards miljøvernfond, og har om lag 250 tilsette.

Andre jobber du kanskje vil like