Førstekonsulent/rådgjevar (økonom)

Fast Helse og omsorgsdepartementet i Offentlig sektor , i Økonomi/Finans/Regnskap E-postjobb
  • Dele:

Stillingsbeskrivelse

Om Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester, og ansvar for folkehelsepolitikken. Departementet har 220 tilsette. Les meir om oss på regjeringa.no.

Om stillinga

Vi har no ledig ei 100 % fast stilling som førstekonsulent/rådgjevar. Stillinga er plassert i Folkehelseseksjonen. Attåt oppgåver i eigen seksjon kan det vere aktuelt med oppgåver på andre fagområde i avdelinga.

Folkehelseseksjonen har spesielt ansvar for miljøretta helsevern, smittevern og vaksiner, strålevern og atomtryggleik, fysisk aktivitet, psykisk helse og livskvalitet innan folkehelse, lokalt folkehelsearbeid, eldrepolitikk, sosiale helseskilnader, helseanalysar, helsekonsekvensvurderingar og sjukdomsbyrdvurderingar. Seksjonen har òg ansvar for etatsstyringa av Folkehelseinstituttet, Direktoratet for strålevern og atomtryggleik og Eldreombodet. I tillegg koordinerer seksjonen arbeidet med budsjett i avdelinga og har andre koordineringsfunksjonar for avdelinga og departementet.

Om avdelinga og seksjonen

Folkehelseavdelinga har ansvaret for utvikling og oppfølging av folkehelsepolitikken og koordinering av det tverrdepartementale folkehelsearbeidet. Avdelinga har ansvar for etatsstyringa av Folkehelseinstituttet, Direktoratet for strålevern og atomtryggleik og Eldreombodet. Vidare har avdelinga ansvar for eigarstyringa av Vinmonopolet.

Folkehelseavdelinga har tre seksjonar: Seksjon for alkohol-, narkotika- og tobakkspolitikk, Folkehelseseksjonen og Seksjon for ernæring og mattryggleik.

Vi søkjer no etter ein økonom til Folkehelseavdelinga.

Arbeidsoppgåver

Den nye kollegaen skal m.a. vere med på arbeidet avdelinga gjer med budsjett- og økonomistyring, herunder arbeid med statsbudsjettet og rekneskapsrapportering, etatsstyring av Folkehelseinstituttet, Direktoratet for atomberedskap og strålevern og Eldreombodet, verksemdstyringa av Vinmonopolet og tilskotsforvalting. Til oppgåvene høyrer òg vanlege forvaltingsoppgåver som å svare på førespurnader frå einskildpersonar, klagehandsaming og førebu saker til politisk leiing, herunder utarbeiding av avgjerdsnotat.

Kvalifikasjonar (og eigenskapar)

Krav til kvalifikasjonar:

  • Mastergrad innan økonomi/revisjon eller anna relevant utdanning med økonomi i fagkrinsen.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
  • Kunnskap om budsjettarbeid, verksemdrekneskap og verksemdstyring blir lagt vekt på.
  • Røynsle frå offentleg forvalting er ønskjeleg, men ikkje eit absolutt krav.
  • For stilling som rådgjevar er det normalt krav om minst tre år relevant erfaring. Nyutdanna er velkomne til å søkje stilling som førstekonsulent.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • tek initiativ, er sjølvstendig, strukturert og effektiv
  • har gode analytiske evner
  • er pliktoppfyllande og har god gjennomføringsevne òg under tidspress
  • er raus, fleksibel og omgjengeleg med vilje og evne til å arbeide tverrfagleg
  • er engasjert og flink til å finne løysingar i komplekse saker med ulike interesser
  • har god samfunnsforståing og er interessert i politiske prosessar og statleg styring

Vi legg vekt på personlege eigenskapar som gjer nettopp deg eigna til stillinga.

Vi tilbyr

  • sjølvstendige og varierte arbeidsoppgåver
  • spennande arbeidsområde med godt høve til fagleg utvikling
  • eit godt arbeidsmiljø med kompetente, engasjerte og trivelege kollegaer
  • stillingsbrøk: 100 %
  • fleksibel arbeidstid
  • gode velferdsordningar
  • treningsrom og høve til trening i arbeidstida (to timar i veka).

Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet

Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.

Løn:

kr 470 000 – 600 000 avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.

For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn. Endeleg lønsplassering og plassering i stillingskode spørst på kvalifikasjonar.

2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.

Vil du vite meir?

Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kan du ta kontakt med:

Avdelingsdirektør Arne Marius Fosse.

E-post: amf@hod.dep.no

Telefon: 930 64 579

Mangfold og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet

Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.

Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen

Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Slik søkjer du

Send søknad elektronisk via lenka “Søk stillinga” nedst på sida til JobbNorge.no.

Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.

Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.

 

Unntak fra offentlig søkerliste  

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

 

Andre jobber du kanskje vil like