Førstekonsulent/rådgjevar (1-2 stillingar)

Vikariat Klima og miljødepartementet i Offentlig sektor E-postjobb
  • Dele:

Stillingsbeskrivelse

Vil du arbeide for reinare luft i byane og reduserte klimagassutslepp frå transportsektoren? Vi søker samfunnsøkonom/samfunnsviter/jurist

Om stillinga:

Vi har ledig 1-2 vikariat for eitt år frå september/oktober 2021, med høve til forlenging.

Kva gjer vi i transport- og lokalmiljøseksjonen?

Regjeringa har sett ambisiøse mål for utsleppsreduksjonar i transportsektoren og for rein luft. Transport- og lokalmiljøseksjonen jobbar med ulike tiltak og verkemiddel for å redusere klimagassutslepp og annan miljøpåverknad frå transportsektoren. Vi har også overordna ansvar for nasjonal politikk og regelverksutvikling innanfor lokal luftkvalitet. Vidare har seksjonen koordineringsansvar på tvers av departementa for det nasjonale arbeidet med klimatilpassing. Seksjonen har ansvar for klimaarbeid i kommunane, og for å vurdere motsegnssaker etter plan- og bygningslova på områda klima og lokal luftkvalitet. Seksjonen har etatsstyringssansvaret for Meteorologisk Institutt (MET).

Arbeidsoppgåvene dine vil vere:

  • Regelverk- og politikkutvikling for å betre den lokale luftkvaliteten i Noreg.
  • Å vurdere ulike verkemiddel og tiltak for å redusere klimagassutsleppa frå transport, til dømes infrastrukturspørsmål, areal- og transportplanlegging, byutvikling og generell politikkutvikling innanfor klima og transport. Under dette oppfølging av klimaplanen for 2030 og Nasjonal Transportplan.
  • Å utarbeide beslutnings- og faktaunderlag, svare på høyringar frå andre departement og etatar, skrive talar og pressepunkt for politisk leiing m.m.
  • Ulike koordinerings- og samordningsoppgåver. 

Du vil ha tett samarbeid med andre departement, særleg Samferdsledepartementet, og Miljødirektoratet. Arbeidsdagane vil vere allsidige med ulike typar oppgåver, avhengig av bakgrunnen og kompetansen din, og ut frå behova i seksjonen og avdelinga. Avhengig av ressurssituasjonen i Klimaavdelinga framover, kan det ved behov vere aktuelt med oppgåver utover transport- og lokalmiljøseksjonen sitt arbeidsfelt. Stillinga stiller store krav til struktur, arbeidskapasitet og fleksibilitet. Arbeidet i seksjonen er prega av korte fristar og du må kunne handtere leveransar under tidspress og ein arbeidskvardag der du må følgje opp mange ulike oppgåver parallelt.

Vi søker deg som har følgande bakgrunn:

  • ​​​​​Utdanning på masternivå med gode karakterar, fortrinnsvis innanfor samfunns-/ressursøkonomi, annan samfunnsvitskap eller juss. Vårens kandidatar kan også søke, og endeleg vitnemål må liggje føre før tilsettingsvedtak.
  • Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (bokmål og nynorsk) og engelsk, samt generelt gode IKT-kunnskapar.

Ønskeleg:

  • Relevant arbeidserfaring frå offentleg forvalting er ein fordel.
  • Kjennskap til og forståing for verkemiddelbruk i klima- og forureiningspolitikken tel positivt.
  • Du bør ha god talforståing.

For å lukkast i stillinga må du:

  • Ha god vurderingsevne, vere analytisk og evne å bidra til god kvalitet på seksjonen sitt arbeid.
  • Ha evna til å kommunisere fagleg bodskap på ein effektiv og forståeleg måte.
  • Vere strukturert, ryddig og ha stor arbeidskapasitet.
  • Vere fleksibel, takle korte fristar og arbeide under tidspress, og trivast med å ha fleire “ballar i lufta” samtidig.
  • Ha evne til raskt å setje deg inn i nye problemstillingar.
  • Ha svært gode samarbeidsevner og trivast med teamarbeid. Samtidig kan du arbeide sjølvstendig og du tek ansvar for framdrift i oppgåvene dine.
  • Du må kunne sjå faglege og politiske problemstillingar i samanheng og ha forståing for rolla som embetsverk for politisk leiing.
  • Personleg egnaheit vert vektlagt.

Kvifor skal du jobbe hos oss:

  • Du kan bidra til samfunnsmålet om eit grønt skifte og reduserte klimagassutslepp.
  • Du vil arbeide i ein seksjon med godt arbeidsmiljø, vi-kultur og “stå på-vilje”
  • Du får ei unik mogelegheit til å bidra med faglege råd for politisk leiing.
  • Vi har eit felleskap med engasjerte kollegaer som er stolte av jobben sin.
  • Klima- og miljødepartementet gir gode utviklingsmolegheiter.

Vi kan tilby mange sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert  1 1/2 time i uka med trening i arbeidstida. Vi har fleksibel arbeidstid tilpassa ulike fasar i livet, og pensjons- og forsikringsordning i Statens pensjonskasse.

Vi er opptekne av:

Vi vil rekruttere den best kvalifiserte kandidaten til stillinga og treng derfor eit breitt rekrutteringsgrunnlag. I Klima- og miljødepartementet har vi eit personalpolitisk mål om å vere ein arbeidsgivar som speglar mangfaldet i samfunnet og som tar i bruk potensialet i den samla kompetansen i befolkninga. Vi arbeider for å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og/eller som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala våre ligg sentralt i Oslo med kort veg til offentleg transport, og vi har gode tilretteleggingsmoglegheiter.

Lønn og tittel:

Årslønn for førstekonsulenter: frå kr. 468 300 – 534 400 (lønnstrinn 51 – 59).

Årslønn for rådgjevar: frå kr. 499 500 – 574 700 (lønnstrinn 55 – 63).

Avhengig av kvalifikasjonane dine og kor mange år med relevant arbeidserfaring vil du plasserast som førstekonsulent eller rådgjevar, jf. personal- og lønnspolitikken i departementet. Som ein hovudregel blir det kravd to års relevant arbeidserfaring for å bli plassert som rådgjevar.

Er dette stillinga for deg? Les følgjanda:

  • Vi ber om at du laster opp vitnemål/karakterutskrifter (som kan hentast direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar.
  • Utanlandske vitnemål må vere NOKUT-godkjent. Godkjenninga blir vedlagd.
  • Personalopplysningane dine vil bli tatt vare på i samsvar med GDPR.
  • Det blir gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bede om å vere unnateken frå søkarlista. Søkjar vil bli orientert om dette på førehand.
  • Kvalifiserte kandidatar med ulik arbeids- og livserfaring er oppmoda til å søke.

For nærare opplysningar om stillinga kontakt: avdelingsdirektør Vidar Vik, tlf. 22 24 58 52, eller utgreiingsleiar Vibeke Ursin-Smith, tlf: 22 24 57 62.

Om Klima- og miljødepartementet og Klimaavdelinga

Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å ivareta heilskapen i regjeringa sin klima- og miljøpolitikk. Departementet er etatsstyrar for Artsdatabanken, Enova, Meteorologisk institutt, Miljødirektoratet, Norsk kulturminnefond, Norsk Polarinstitutt Riksantikvaren og Svalbards miljøvernfond, og har om lag 250 tilsatte.

Klimaavdelinga har ansvaret for internasjonalt arbeid, klima- og skogprosjektet og nasjonal politikkutvikling innanfor klimaområdet samt lokal luftkvalitet og støy. Avdelinga har også overordna ansvar for miljø og utviklingsspørsmål.

Andre jobber du kanskje vil like