post@inkludi.no

Førstekonsulent/rådgivar

Fast @Klima og miljødepartementet in Offentlig sektor
  • Kongens Gate 18, 0153 Oslo, Norge View on Map
  • Post Date : March 16, 2023
  • Apply Before : March 30, 2023
  • 0 Click(s)
  • View(s) 15
Email Job
  • Share:

Job Detail

  • Job ID 3830

Job Description

Vil du jobbe med bioenergi, jordbruk, bygg og skog- og arealbruk i den nasjonale klimapolitikken?

Hva gjer vi i seksjonen?

Har du lyst til å vere med og jobbe med ei av dei største utfordringane samfunnet vårt står i? Klimaavdelinga har ansvar for nasjonal politikkutvikling og internasjonalt arbeid innanfor klimaområdet. I fornybarseksjonen har vi ansvar for eigne verkemiddel innanfor bioenergi, skog- og arealbruk, jordbruk og bygg. Vi jobbar opp mot andre departement på svært dagsaktuelle klimapolitiske område.

Vi er åtte engasjerte og profesjonelle medarbeidarar som har variert utdannings- og erfaringsbakgrunn, som blant anna samfunnsøkonomar, juristar og statsvitarar. Du blir del av eit team som jobbar tett opp mot den politiske leiinga. Vi legg vekt på å setje av tid og ressursar til å vidareutvikle kunnskapsgrunnlaget slik at klimapolitikken kan vidareutviklast. Du får derfor gode utviklingsmoglegheiter både fagleg og prosessuelt. Stillinga er nyoppretta, og vi ønskjer å bli meir robuste for å sikre at vi har ressursar til å jobbe i tospann innanfor alle sentrale oppgåver innanfor ansvarsområda til seksjonen..

Om stillinga

Du blir del av ein seksjon som jobbar innanfor fleire område som er hyppig diskuterte i samfunnsdebatten. Det dukkar ofte opp saker som til dømes bestillingar frå den politisk leiinga, og du skal hjelpe til med å lage talepunkt til politiske debattar og svare ut spørsmål frå media og Stortinget innanfor korte fristar. Nedanfor kan du lese meir om kva stillinga inneber.

Arbeidsoppgåver

  • setje deg inn i regelverk frå EU innanfor klima- og energiområdet, og vurdere korleis den nasjonale verkemiddelbruken bør utviklast i lys av dette
  • bidra inn i arbeidet med bioenergi, og spesielt omsetningskrava for biodrivstoff som seksjonen har ansvaret for
  • vidareutvikle kunnskap og politikk knytt til å redusere utslepp frå arealbruk

Seksjonen arbeider også med klimatiltak innanfor jordbruk og bygg, og du har høve til å vidareutvikle arbeidsporteføljen ut frå interessene og kompetansen din. Du får høve til å jobbe konkret med tiltak og verkemiddel, og med korleis desse bidrar inn i dei overordna globale klimamåla slik dei er nedfelte i Parisavtalen.

Vi søkjer deg som har følgjande bakgrunn:

Kvalifikasjonskrav:

  • relevant utdanning med gode resultat på masternivå (gjerne jurist) – samfunnsvitskapleg utdanning, inkludert samfunnsøkonomi, er også relevant
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

I tillegg ønskjer vi at du har

  • erfaring med arbeid innanfor klima og miljø

For å lykkast bør du ha desse eigenskapane:

Du har tett dialog med dei andre seksjonane og avdelingane internt i departementet og med andre departement for å balansere ulike omsyn innanfor klima, natur og næringsomsyn. Det er derfor viktig at du opptrer profesjonelt og er god til å samarbeide. I tillegg til at du har dialog med Miljødirektoratet om svar på oppdrag og faglege innspel, kjem du til å ha mykje kontakt med den politiske leiinga og kommunikasjonseininga. Du må derfor ha god rolleforståing for rolla som embetsverk. Du må kunne koordinere fleire krevjande prosessar på klimaområdet, og det stiller store krav til at du arbeider strukturert, er fleksibel og handterer uføreseielege oppgåver og leveransar under tidspress.

Vidare ønskjer vi at du

  • har stor arbeidskapasitet og bidrar til god kvalitet
  • er god til å samarbeide og evnar å stå i krevjande diskusjonar
  • har god vurderingsevne og ser faglege og politiske problemstillingar i samanheng
  • er i stand til å setje deg raskt inn i nye, komplekse problemstillingar

Vi legg stor vekt på at du må vere personleg eigna.

Kvifor skal du jobbe hos oss:

  • Du får vere med og vidareutvikle klimapolitikken slik at Noreg når klimamåla sine.
  • Du får ei unik moglegheit til å bidra med faglege råd overfor den politiske leiinga.
  • Vi har eit arbeidsfellesskap med dyktige og engasjerte kollegaer som er stolte av jobben sin.
  • Klima- og miljødepartementet gir gode utviklingsmoglegheiter.
  • Hos oss tek vi omsyn til behova til dei enkelte medarbeidarane i forskjellige livsfasar.
  • Lokala våre ligg sentralt i Oslo med kort veg til offentleg transport, og vi har gode moglegheiter for tilrettelegging.

Vi kan tilby eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert 1½ time trening i arbeidstida. Vi har fleksible arbeidstidsordningar tilpassa ulike livsfasar, og pensjons- og forsikringsordning i Statens pensjonskasse.

Vi er opptatt av:

Vi vil rekruttere den best kvalifiserte kandidaten til stillinga og treng derfor eit breitt rekrutteringsgrunnlag. I Klima- og miljødepartementet har vi eit personalpolitisk mål om å vere ein arbeidsgivar som speglar mangfaldet i samfunnet, og som tar i bruk potensialet i den samla kompetansen i befolkninga. Det betyr at vi ønskjer velkommen søkjarar med ulik arbeids- og livserfaring som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere.

Lønn:

  • Årslønn for førstekonsulent frå kr. 493 700 – 563 500 (lønnstrinn 53 – 61)
  • Årslønn for rådgivar frå kr. 544 400 – 661 400 (lønnstrinn 59 – 70). Med krav om minst to år med relevant erfaring.

Frå lønna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

  • Vi ber om at du lastar opp vitnemål/karakterutskrifter (som du kan hente direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar. Utanlandske vitnemål må vere NOKUT-godkjende. Du må leggje ved ei stadfesting.
  • Personopplysningane dine bli oppbevarte i samsvar med GDPR.
  • Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å vere unntatt frå søkjarlista. Du blir i så fall orientert om dette på førehand.

For nærmare opplysningar om stillinga kontakt: avdelingsdirektør, Are Lindegaard, tlf.nr. 92028784.

Seniorrådgiver Stine Einang Lørup, DSS (om rekrutteringsprosessen), stine-einang.lorup@dss.dep.no,
tlf. 930 17 830.

Om Klima- og miljødepartementet og avdelinga:

Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å sikre heilskapen i klima- og miljøpolitikken til regjeringa. Departementet er delt inn i fem avdelingar: klimaavdelinga, kulturminneavdelinga, naturforvaltningsavdelinga, hav- og forureiningsavdelinga og organisasjonsavdelinga. Denne stillinga tilhøyrer fornybarseksjonen, som ligg under klimaavdelinga i departementet.

Klima- og miljødepartementet har ca. 250 tilsette.

Fornybarseksjonen har ansvar for arbeidet i avdelinga med fornybar energi og energieffektivisering. Dette inkluderer blant anna energieffektivisering og klimatiltak i bygg, men også bioenergi, biodrivstoff og biogass. Seksjonen har ansvar for arbeidet avdelinga gjer med å redusere utsleppa og auke karbonopptaket innanfor skog- og arealbruk, jordbruk og bygg. Seksjonen har også ansvar for koordineringa av arbeidet med klimakunnskap, inkludert koordineringa av arbeidet til FNs klimapanel.

Other jobs you may like