post@inkludi.no

Fast stilling som seniorrådgivar i kommunetenesteavdelinga

Fast @Helse og omsorgsdepartementet in Offentlig sektor
  • Teatergata 9, 0180 Oslo, Norge View on Map
  • Post Date : May 22, 2023
  • Apply Before : June 5, 2023
  • 0 Click(s)
  • View(s) 19
Email Job
  • Share:

Job Detail

  • Job ID 3939

Job Description

Vil du bidra til at teknologi blir teke i bruk i dei kommunale helse- og omsorgstenestene?

Om Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og primærhelse- og spesialisthelsetenesta, medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvaltning av helseføretaka.

Departementet har 250 tilsette.

Les meir om oss på regjeringa.no.

Kommunetenesteavdelinga

Avdelinga har hovudansvar for den statlege politikken knytt til helse- og omsorgstenestelova og tannhelsetenestelova, medrekna omsorgstenester, fastlegeordning og andre allmennlegetenester, helsestasjonar, skulehelseteneste og tannhelseteneste. Vidare har ho det koordinerande ansvaret for arbeidet departementet gjer med mellom anna psykisk helsevern, rus- og valdsfeltet, barn og unge, rehabilitering, menneske med funksjonsnedsetjingar og minoritetsfeltet.

Avdelinga har etatsstyringsansvar for Statens helsetilsyn og Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta. Avdelinga varetek også departementets etatsstyring av statsforvaltarane og konsultasjonsordninga med kommunesektoren.

Arbeidsoppgåver

Du vil vere ein sentral deltakar i arbeidet avdelinga gjer med å leggje til rette for at teknologi og digitale verktøy blir tekne i bruk i dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Dette inneber å følgje opp utgreiingsarbeid og avgjerdsprosessar i samarbeid med andre avdelingar i departementet og å bidra i arbeid med saksunderlag for den politiske leiinga knytt til saksområdet.  Du vil òg delta i anna arbeid avdelinga gjer med å utvikle innhaldet i helse- og omsorgstenestene i kommunane og bidra til at dei blir fagleg sterke, for å leggje til rette for berekraft i åra framover.
I tillegg kan du bli involvert i andre av oppgåvene til avdelinga.

Kvalifikasjonar og eigenskaper

Vi krev

  • at du har relevant utdanning på mastergradsnivå
  • at du har god teknologiforståing
  • at du har bred og relevant erfaring frå arbeid med digitalisering i helse- og omsorgssektoren
  • at du har god forståing av korleis teknologi kan påverke og forbetre arbeidsprosessar og resultat
  • at du har god kjennskap til kommunale helse- og omsorgstenester
  • at du kan analysere og kommunisere komplekse saksfelt klart og forståeleg
  • at du har svært god skriftlege og munnlege ferdigheiter i norsk

 

  • Det er ein fordel om du har formell kompetanse i digitalisering, organisering, finansiering og styring m.m. av helse- og omsorgstenester.
  • Det er ønskjeleg at du har erfaring frå statleg eller kommunal helseforvaltning.
  • For stilling som seniorrådgivar krev vi som hovudregel minimum 6 års relevant erfaring.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som

  • er sjølvstendig, strukturert og leveringsdyktig
  • er initiativrik og resultatorientert med vilje og evne til å arbeide tverrfagleg
  • har evne til å levere gode resultat under tidspress
  • har gode analytiske evner og solid fagleg kompetanse
  • har god rolleforståing, god samfunnsforståing og interesse for politiske prosessar
  • har gode samarbeidsevner
  • er raus og har godt humør

Vi vil leggje vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • fast stilling
  • stillingsbrøk: 100 %
  • eit spennande og fagleg utfordrande miljø med godt høve til utvikling
  • eit godt arbeidsmiljø med kompetente og trivelege kollegaer
  • god pensjonsordning
  • fleksibel arbeidstid
  • trening i arbeidstida

Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet

Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.

Løn: 700 000–900 000 kroner. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.

2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.

Vil du vite meir?

Du får meir informasjon om stillinga ved å kontakte avdelingsdirektør Maren Skaset på telefon 22 24 85 88.

Slik søkjer du

Send søknad elektronisk via lenka “Søk stillinga” nedst på sida til JobbNorge.no.

Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.

Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.

Unntak fra offentlig søkerliste  

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Mangfold og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet

Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.

Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen

Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Other jobs you may like