Fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar i omsorgstenesteavdelinga

Fast Helse og omsorgsdepartementet i Offentlig sektor E-postjobb
  • Dele:

Stillingsbeskrivelse

Om Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og for dei kommunale helse- og omsorgstenestene og spesialisthelsetenesta, inkludert e-helse, helserett og eigarskapsforvalting av helseføretaka.

Departementet har 220 tilsette.

Les meir om oss på regjeringa.no.

Om stillinga

Vi har no ledig ei 100% fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar i seksjon for innovasjon og kompetanse, i omsorgstjenesteavdelinga. Det er ønskjeleg med rask tiltreding.

Om avdelinga og seksjonen

Omsorgstenesteavdelinga (OTA) har eit hovudansvar for den statlege politikken knytt til dei kommunale omsorgstenestene forankra i lov om kommunale helse- og omsorgstenester, mellom anna helsetenester i heimen, personleg assistanse, herunder praktisk hjelp og opplæring og støttekontakt og plass i institusjon, herunder sjukeheim.

Seksjon for innovasjon og kompetanse (SIK) har mellom anna ansvar for eigendelar og finansiering av omsorgstenester, brukarstyrt assistanse (BPA), hovudansvar for oppfølginga av Kompetanseløft 2025 og ein ny pårørandestrategi, framskrivingar og kompetansebehov, forsøket med statleg finansiering av omsorgstenesta, velferdsteknologi og bidrag til arbeidet med utvikling av e-helsetiltak i omsorgstenesta.

Arbeidsoppgåver

Utgreiings-, utviklings- og oppfølgingsoppgåver på ansvarsområda i seksjonen, med vekt på:

  • Personell- og kompetansespørsmål og oppfølging av Kompetanseløft 2025
  • Deltaking i interne og eksterne prosessar knytte til oppgåvene
  • Oppgåver knytte til dei årlege budsjettproposisjonane
  • Vanlege forvaltingsoppgåver, som å svare på førespurnader frå einskildpersonar og førebu saker til politisk leiing innanfor saksområda i seksjonen

Kvalifikasjonar (og eigenskapar)

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant høgare utdanning på masternivå, helst innanfor samfunnsvitskap eller helse- og sosialfag
  • Røynsle frå departementsarbeid
  • God kjennskap til og kunnskap om dei kommunale helse- og omsorgstenestene og kompetanseutfordringane i sektoren, attåt kunnskap om utfordringane innanfor ansvarsområda i seksjonen
  •  Kjennskap til Kompetanseløft 2025
  •  Innsikt i og interesse for samspelet mellom politikk, fag og administrasjon både nasjonalt, regionalt og lokalt
  •  God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Som hovudregel krev vi minst 3 år relevant arbeidserfaring for stilling som rådgjevar og minst 6 år for stilling som seniorrådgjevar

Personlege eigenskapar

Du er:

  • fleksibel og raus
  • pliktoppfyllande, sjølvstendig og med god gjennomføringsevne
  • har godt humør og gode samarbeidsevner
  • god til å skape oppslutnad og engasjement for saker du arbeider med både internt og eksternt
  • flink til å finne løysingar i komplekse saker med ulike interesser
  • robust og taklar høgt arbeidspress

Vidare må du ha interesse for samfunnsspørsmål og politiske prosessar. Vi legg vekt på om du høver som person.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med kompetente, engasjerte og trivelege kollegaer
  • Fast stilling
  • Spennande arbeidsområde med gode høve til utvikling
  • Stillingsbrøk: 100 %
  • Trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning
  • Fleksibel arbeidstid

Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet

Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.

Løn:

Løn kr 550  000 – 750 000  avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast

2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.

Vil du vite meir?

Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kan du ta kontakt med:

Avdelingsdirektør Hans Jacob Sandsberg

E-post: hans-jacob.sandsberg@hod.dep.no

Telefon: 916 29 349

Mangfold og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet

Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.

Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen

Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Slik søkjer du

Send søknad elektronisk via lenka “Søk stillinga” nedst på sida til JobbNorge.no.

 

Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.

Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.

 

Unntak fra offentlig søkerliste  

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Andre jobber du kanskje vil like