post@inkludi.no

Fast stilling som økonomi- og administrasjonsansvarleg i Bioteknologirådet

Fast @Bioteknologirådet in Offentlig sektor
  • Edvard Griegs Vei 3b, 5059 Bergen, Norge View on Map
  • Post Date : July 9, 2024
  • Apply Before : July 15, 2024
  • 0 Click(s)
  • View(s) 12
Email Job
  • Share:

Job Detail

  • Job ID 4520

Job Description

Helse- og omsorgsdepartementet ansetter for Bioteknologirådets sekretariat

Om Bioteknologirådet

Bioteknologirådet er eit frittståande, rådgivande organ oppnemnd av Kongen i statsråd som blant anna er høyringsinstans for norske styresmakter i samband med saker som gjeld gen- og bioteknologi.

Bioteknologirådet vurderer og informerer om etiske og samfunnsmessige spørsmål som gjeld bruk av bioteknologi på menneske, planter, dyr og mikroorganismar. Rådet og sekretariatet spreier informasjon og bidreg til ein brei samfunnsdebatt.

Bioteknologirådet er administrativt underlagt Helse- og omsorgsdepartementet.

Arbeidsstaden er i Bergen, og du må rekne med noko reiseaktivitet.

Om sekretariatet

Bioteknologirådet sitt sekretariat har i dag åtte tilsette: direktør, kontorsjef, kommunikasjonssjef og seniorrådgivarar med kunnskap om gen- og bioteknologi, samfunn og etikk. Sekretariatet har to hovudoppgåver; å forberede og tilretteleggje sakshandsaming for det politisk oppnemnde Bioteknologirådet, samt å formidle kunnskap til befolkninga om moglegheiter, utfordringar, samfunnsmessige og etiske spørsmål på gen- og bioteknologiområdet. Dette gjer vi gjennom podkast, tidsskrift, nettsider og arrangement, med meir.

Vi tilbyr ein arbeidsplass med varierte arbeidsoppgåver og stor sjølvstende med stadig fagleg utvikling i eit triveleg arbeidsmiljø. Fleksibel arbeidstid, med sommar- og vintertid.

Om stillinga

Hovudarbeidsområdet er knytt til administrative oppgåver som økonomi, lønn, arkiv, innkjøp og oppgåver i tilknyting til rådsmøte, opne møte for allmenta og publisering av tidsskriftet GENialt. Bioteknologirådet er fullservicekunde hos Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) når det gjeld rekneskaps- og lønnstenester og bruker systema Agresso, Unit4 ERP og SAP. Rådet bruker Elements som arkivsystem. Bioteknologirådet er tilknytt tenestesenter hos Norsk Helsenett når det gjeld IT og innkjøp.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for økonomi: Utarbeide rapporter, budsjett og verksemdsplan, kontroll av utbetalingar, revisjonar og kontinuerleg oppfølging av rekneskapen.
  • Ansvar for lønn, honorar, reiserekningar og refusjonar.
  • Ansvar for arkivarbeid.
  • Driftsavtalar og avtalar om personvern (GDPR) med leverandørar av varer og tenester.
  • Administrative oppgåver knytte til rådsmøte, opne møte og andre arrangement (medfører noko reiseaktivitet)
  • Kommunikasjonsarbeid, inkludert publisering på Bioteknologirådet sin nettside og utsending av nyhendebrev.
  • Halde seg fagleg oppdatert på gjeldande lov- og regelverk innan HR, økonomi, løn, GDPR, innkjøp, arkiv og IKT ved møtedeltaking og kurs.
  • Andre administrative oppgåver.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Vi søker ein person med desse kvalifikasjonane: 

  • Erfaring med regnskapsføring, fortrinnsvis frå offentleg sektor.
  • Vi ønsker òg at du har erfaring med administrasjon, HR og personvern.
  • Utdanning på høgskolenivå innan økonomi og administrasjon eller andre relevante fag.
  • Erfaring frå relevante arbeidsoppgåver kan til ein viss grad kompensere for utdanning.
  • Det er ein føresetnad at du meistrar norsk godt, fortrinnsvis begge målføre.

Aktuelle kandidatar bør i tillegg ha desse eigenskapane: 

  • sjølvstendig
  • initiativrik
  • gode samarbeidsevner
  • nøyaktig
  • fleksibel og omgjengeleg

Vi legg særleg vekt på om du er personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr

  • Fast 100 % stilling (37,5t)
  • Fleksibel arbeidstid med kjernetid frå 09:00-14:30
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Kontor i Kronstadparken i Bergen (innandørs sykkelparkering og treningssenter i bygget, nær bybanestoppene Danmarks plass og Kronstad)

Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.

Løn:

Kr 650 000 – 750 000 avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.

2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.

Mangfald og inkludering

Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.

Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen

Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Bakgrunnssjekk

HOD samarbeider med Semac for bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar, og innebærerat me verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.

Slik søkjer du

Send søknad elektronisk via lenka “Søk stillinga” nedst på sida til JobbNorge.no.

Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.

Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.

 

Unntak fra offentlig søkerliste  

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Spørsmål om stillinga

Petter Frost

Direktør

905 04 287

petter.frost@bioteknologiradet.no

Anne-Margrethe WØ Åsvang

Kontorsjef

911 64 496

amwoa@bioteknologiradet.no

Other jobs you may like