Fast stilling som førstekonsulent/rådgjevar i spesialisthelsetenesteavdelinga

Fast Helse og omsorgsdepartementet i Offentlig sektor E-postjobb
  • Dele:

Stillingsbeskrivelse

Er du interessert i politikkutforming på helsefeltet – i grenseflata mellom økonomi, helsefag og teknologi?

Om Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og primærhelse- og spesialisthelsetenesta, medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvaltning av helseføretaka.

Departementet har 220 tilsette.     

Les meir om oss på regjeringa.no.

Om avdelinga og seksjonen

Spesialisthelsetenesteavdelinga har ansvar for å vidareutvikla spesialisthelsetenesta, med særleg merksemd på kvalitet og tilgjenge, og følgjene av den demografiske og den medisinske utviklinga.

Seksjon finansiering og styring har mellom anna ansvaret for å utvikla finansieringssystema for spesialisthelsetenesta, for å handtera helseøkonomiske problemstillingar, og for å samordna arbeidet avdelinga gjer med statsbudsjettet, nasjonal helse- og sjukehusplan, etatsstyring og oppdragsdokumentet til dei regionale helseføretaka.

Om stillinga

Det er ledig ei fast stilling som førstekonsulent/rådgjevar i seksjon for finansiering og styring i spesialisthelsetenesteavdelinga. Gjennom jobben vil du både støtte opp om drift og ønskt vidareutvikling av spesialisthelsetenesta. Hovudoppgåva er knytt til arbeidet avdelinga gjer med statsbudsjettet. Arbeidet skjer i tett samarbeid med andre, og du får ei viktig koordinerande rolle.

Du får elles varierte oppgåver innan ansvarsområda i avdelinga ut frå mellom anna kompetanse, arbeidsrøynsle og interesser. Stillinga høver godt for deg som er interessert i politikkutforming på helsefeltet, i grenseflata mellom økonomi, helsefag og teknologi.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • Høgare økonomisk eller samfunnsfagleg utdanning på master- eller hovudfagsnivå
  • Særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • God forståing for tal og analytisk tilhug
  • Evne til å strukturera og betra komplekse arbeidsprosessar
  • Må kunna arbeida godt både sjølvstendig og i tverrfaglege team
  • Er fleksibel og leveringsfør, også når fristane er korte

Det vert lagt stor vekt på at du høver til stillinga som person.

For stilling som rådgjevar er det normalt krav om minst tre år relevant erfaring. Nyutdanna er velkomne til å søkje stilling som førstekonsulent.

Vi ønskjer at du kan tiltre snarleg.

Vi tilbyr

  • Fast stilling
  • Eit spennande arbeidsområde med gode høve til utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø med kompetente og engasjerte kollegaer
  • Fem veker ferie, fleksitidsordning og gode velferdsordningar
  • Trening i arbeidstida
  • Stillingsbrøk: 100 %

Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet

Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.

Løn:

Løn frå kr 470 000 kr til 650 000, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdera høgare løn.

2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.

Mangfald og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet

Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.

Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen

Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Vil du vita meir?

Synest du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kan du ta kontakt med:

Avdelingsdirektør Fredrik A.S.R. Hanssen

E-post: fredrik-anton-sten-remers.hanssen@hod.dep.no

Telefon: 412 19 262

Slik søkjer du

Send søknad elektronisk via lenka “Søk stillinga” nedst på sida til JobbNorge.no.

Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.

Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.

Unntak fra offentlig søkerliste  

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Andre jobber du kanskje vil like