Engasjement som rådgivar/seniorrådgivar i omsorgstjenesteavdelinga

Engasjement Helse og omsorgsdepartementet i Offentlig sektor E-postjobb
  • Dele:

Stillingsbeskrivelse

Om Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og primærhelse- og spesialisthelsetenesta, medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvaltning av helseføretaka.

Departementet har 230 tilsette.

Les meir om oss på regjeringa.no.

Mangfold og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet

Vi er opptekne av mangfald, og ønskjer å vere ein arbeidsplass som speglar folket. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg arbeidstilhøva til rette om det trengst.

Gjev du til kjenne at du har innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, kan opplysningane du gjev, brukast til statistikkformål.

Om avdelinga og seksjonen

Stillinga ligg til omsorgstenesteavdelinga i seksjon for innovasjon og kompetanse. Omsorgstenesteavdelinga (OTA) har eit hovudansvar for den statlege politikken knytt til dei kommunale omsorgstenestene tufta på lov om kommunale helse- og omsorgstenester, mellom anna helsetenester i heimen, personleg assistanse, herunder praktisk hjelp og opplæring og støttekontakt og plass i institusjon, herunder sjukeheim.

Seksjon for innovasjon og kompetanse har ansvar for eigendelar og finansiering av omsorgstenester, brukarstyrt assistanse (BPA), hovudansvar for oppfølginga av Kompetanseløft2020 og ein ny pårørandestrategi, framskrivingar og kompetansebehov, forsøket med statleg finansiering av omsorgstenesta, velferdsteknologi og bidrag til arbeidet med utvikling av e-helsetiltak i omsorgstenesta.

Arbeidsoppgåver

  • Vere med på å utarbeide og setje i gang nytt velferdsteknologiprogram
  • Utgreiings-, utviklings- og oppfølgingsoppgåver på avdelinga sine område, særleg knytt til velferdsteknologi og e-helse
  • Vere med på interne og eksterne prosessar knytte til velferdsteknologi og e-helse
  • Oppgåver knytte til dei årlege budsjettproposisjonane
  • Vanlege forvaltingsoppgåver, som å svare på førespurnader frå enkeltpersonar og førebu saker til politisk leiing innanfor saksområdet

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant høgare utdanning på masternivå, innanfor samfunnsvitskap eller helse- og sosialfag
  • Kjennskap til og kunnskap om dei kommunale helse- og omsorgstenestene
  • Innsikt i og forståing for samspelet mellom politikk, fag og administrasjon både nasjonalt, regionalt og lokalt
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

Du er:

  • fleksibel og raus
  • pliktoppfyllande, sjølvstendig og med god gjennomføringsevne
  • har godt humør og gode samarbeidsevner
  • god på å skape oppslutnad og engasjement for saker du arbeider med både internt og eksternt
  • flink til å finne løysingar i komplekse saker med ulike interesser
  • robust og taklar høgt arbeidspress

Vidare må du ha interesse for samfunnsspørsmål og politiske prosessar. Vi legg vekt på om du høver som person.

Vi tilbyr

  • Mellombels stilling i 2 år
  • Stillingsprosent: 100 %
  • Spennande arbeidsområde med gode høve til utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø med kompetente, engasjerte og trivelege kollegaer
  • Trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning
  • Fleksibel arbeidstid

Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet

Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.

Løn:

kr 550 000 – 750 000 avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.

2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.

Vil du vite meir?

Nærare opplysningar får du ved konstituert avdelingsdirektør Hans Jacob Sandsberg, tlf. 91629349 eller e-post hans-jacob.sandsberg@hod.dep.no

Slik søkjer du

Send søknad elektronisk via lenka “Søk stillinga” nedst på sida til JobbNorge.no.

Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.

Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.

 

Unntak fra offentlig søkerliste  

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

 

Andre jobber du kanskje vil like