Eitt års vikariat som førstekonsulent/rådgjevar i e-helseavdelinga

Vikariat Helse og omsorgsdepartementet i Offentlig sektor E-postjobb
  • Dele:

Stillingsbeskrivelse

Om Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og primærhelse- og spesialisthelsetenesta, medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvaltning av helseføretaka.

Departementet har 220 tilsette.     

Les meir om oss på regjeringa.no.

Om avdelinga og seksjonen

Teknologi og digitalisering er naudsynt for å kunne utvikle ei berekraftig helse- og omsorgsteneste. Avdelinga har ansvar for å planleggje og gjennomføre ei rad tiltak for digitalisering i sektoren. Avdelinga har mange ulike oppgåver, mellom anna å styre Direktoratet for e-helse og Norsk Helsenett SF, etablere gode digitale tenester til helsepersonell og innbyggjarar, følgje opp store omstillingsprosjekt, og informasjonstryggleik og personvern i dei digitale løysingane.

Sentrale oppgåver er strategiutvikling og styring på nasjonalt nivå og oppfølging av nasjonale program og aktivitetar, særleg i Direktoratet for e-helse. Avdelinga arbeider med budsjett, lovverk og organisering som verkemiddel for å styrkje og styre digitaliseringa. Mange og store initiativ er på gang i sektoren, og dei politiske forventningane på dette området er høge.

Om stillinga

Til eit årsvikariat med høve til lenging søkjer vi éin medarbeidar med interesse for bruk av teknologi og arbeidet med å digitalisere helse- og omsorgssektoren.

Arbeidsoppgåver

Aktuelle oppgåver kan vere å utvikle og bruke departementet sine verkemiddel som mellom anna styring, finansiering og organisering for å utvikle fagområdet. Følgje opp utgreiings- og avgjerdsprosessar og førebu saksunderlag for den politiske leiinga og regjeringa knytt til eit saksfelt. Den som blir tilsett, må rekne med å arbeide med oppgåver knytte til ansvarsområde i heile avdelinga.

Kvalifikasjonar (og eigenskapar)

Naudsynte kvalifikasjonar:

  • Du må ha relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå, gjerne innan samfunnsvitskaplege fag
  • Du må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk, og du må kunne analysere og kommunisere komplekse saksfelt klart og forståeleg.
  • Du må ha evne til å levere gode resultat under tidspress.

Ønskjelege kvalifikasjonar:

  • Vi legg vekt på god teknologiforståing
  • Du bør ha god kjennskap til offentlege avgjerdsprosessar og verkemiddelbruk.
  • Det er ein føremon om du har erfaring frå arbeid med digitalisering i helse- og omsorgssektoren.

For stilling som rådgjevar er det normalt krav om minst tre år relevant erfaring. Nyutdanna er velkomne til å søkje stilling som førstekonsulent.

Personlege eigenskapar:

  • Du tek initiativ og har god gjennomføringsevne.
  • Du har gode samarbeidsevner, både internt i avdelinga og med eksterne, og driv prosessar på ein god måte.
  • Du er samfunnsengasjert og har god rolleforståing.

Vi kjem særleg til å leggje vekt på om du er personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr

  • Særs godt høve til fagleg og personleg utvikling og høve til å vidareutvikle eit interessant og viktig fagområde.
  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i ei avdeling som har høgt tempo og eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer.
  • Fem veker ferie, fleksitidordning og gode velferdsordningar.

Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet

Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.

Løn:

Løn: kr 470 000 – 600 000. Løn er avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.

2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.

Vil du vite meir?

Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kan du ta kontakt med:

Avdelingsdirektør Kristian Skauli.

E-post: Kristian.Skauli@hod.dep.no

Telefon: 936 33 775

Mangfold og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet

Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.

Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen

Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Slik søkjer du

Send søknad elektronisk via lenka “Søk stillinga” nedst på sida til JobbNorge.no.

 

Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.

Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.

 

Unntak fra offentlig søkerliste  

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

 

Andre jobber du kanskje vil like