
Avdelingsdirektør, transport- og lokalmiljøseksjonen
Fast @Klima og miljødepartementet posted 2 weeks ago in Offentlig sektor Shortlist Email JobJob Detail
-
Job ID 3808
Job Description
Vil du jobbe for å redusere klimagassutslepp og annan miljøpåverknad frå transportsektoren?
Kva gjer vi i transport- og lokalmiljøseksjonen?
Transport- og lokalmiljøseksjonen jobbar med ulike verkemiddel for å redusere klimagassutslepp og annan miljøpåverknad frå transportsektoren. Seksjonen har også koordineringsansvar på tvers av departementa for det nasjonale arbeidet med klimatilpassing. Seksjonen har det overordna ansvaret for nasjonal politikk- og regelverksutvikling innanfor lokal luftkvalitet. Seksjonen har vidare ansvaret for verkemiddel og verktøy for lokalt klimaarbeid og for å vurdere motsegnssaker etter plan- og bygningslova på områda klima og lokal luftkvalitet. Seksjonen har etatsstyringsansvaret for Meteorologisk institutt (MET).
Det er ønskjeleg med oppstart seinast 1. august 2023.
Arbeidsoppgåvene dine vil vere:
Arbeidsområda omfattar betydelege utviklingsoppgåver og behov for tett samarbeid med andre departement, spesielt Samferdselsdepartementet og Finansdepartementet, med andre avdelingar og seksjonar i Klima- og miljødepartementet og med Miljødirektoratet og Meteorologisk institutt. Stillinga inneber fag- og personalansvar for medarbeidarane i seksjonen.
Vi søkjer deg som har følgjande bakgrunn:
Nødvendige krav:
- Du må ha høgare utdanning på master- eller hovudfagsnivå frå universitet eller høgskole.
- Du har minimum 5 års relevant erfaring frå offentleg forvaltning.
- Det blir føresett at du har svært gode norsk- og engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg, og dessutan gode generelle IKT-kunnskapar.
Ønskjeleg erfaring:
- Du har erfaring med politikkutvikling.
- Du har departementserfaring.
- Du har leiarerfaring.
- Erfaring frå arbeid innanfor fagområda til seksjonen får vekt (klima, miljø og samferdsel, relevant erfaring frå kommunal sektor).
Stillinga er eit embete. Eit vilkår er da at du er norsk statsborgar.
For å lukkast i stillinga må du ha:
- gode leiareigenskapar og evne til analytisk og strategisk tenking. Du må kunne arbeide på tvers av sektorar og fagområde, gje tydelege signal og kunne sjå, inspirere og utvikle medarbeidarane i seksjonen.
- stor arbeidskapasitet og evne til å bidra til god kvalitet på arbeidet seksjonen gjer
- evne til å delegere ansvar, vere ryddig og strukturert og effektiv
- god prioriterings- og gjennomføringsevne. Arbeidet i seksjonen er prega av korte fristar, og du må raskt kunne setje deg inn i komplekse problemstillingar og sørgje for heilskapleg oppgåveløysing.
- svært gode samarbeidsevner og evne å byggje gode relasjonar, internt og eksternt god forståing for politiske prosessar og rolla som embetsverk for politisk leiing
Det blir lagt vekt på om du høver godt til arbeidet.
Kvifor skal du jobbe hos oss?
- Du kan bidra til samfunnsmålet om eit grønt skifte.
- Du får ei unik moglegheit til å bidra med faglege råd for den politiske leiinga.
- Vi har eit fellesskap med engasjerte kollegaer som er stolte av jobben sin.
- Klima- og miljødepartementet gir gode utviklingsmoglegheiter.
Vi kan tilby mange sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert 1 1/2 time trening i arbeidstida per veke. Vi har fleksibel arbeidstid tilpassa ulike fasar i livet, og pensjons- og forsikringsordning i Statens pensjonskasse.
Vi er opptekne av:
Vi vil rekruttere den best kvalifiserte kandidaten til stillinga og treng derfor eit breitt rekrutteringsgrunnlag. I Klima- og miljødepartementet har vi eit personalpolitisk mål om å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet, og som tek i bruk potensialet i den samla kompetansen i befolkninga. Vi arbeider for å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og/eller som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala våre ligg sentralt i Oslo med kort veg til offentleg transport, og vi har gode tilretteleggingsmoglegheiter.
Lønn:
Lønn: Årslønna er frå 911 700 kr til 1 142 100 kr (lønnstrinn 83–92). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vurderast noko høgare lønn.
Frå lønna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Er dette stillinga for deg? Les dette:
- Vi ber om at du lastar opp vitnemål/karakterutskrifter (som kan hentast direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar.
- Utanlandske vitnemål må vere NOKUT godkjende. Godkjenninga må du leggje ved.
- Vi tek vare på personopplysningane dine i samsvar med GDPR.
- Ver merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å vere unnateken frå søkarlista.
- Søkjar vil bli orientert om dette på førehand.
- Kvalifiserte kandidater med ulik arbeids- og livserfaring blir oppmoda til å søke.
For meir opplysningar om stillinga kontakt: ekspedisjonssjef Ingvild Sæverud, tlf. 415 50 491
Ved spørsmål om rekrutteringsprosessen, ta kontakt med seniorrådgjevar Hildur Marie Eiriksdottir Finsrud, tlf. 482 71 916
Om Klima- og miljødepartementet
Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å ivareta heilskapen i klima- og miljøpolitikken til regjeringa. Departementet er etatsstyrar for Artsdatabanken, Enova, Meteorologisk institutt, Miljødirektoratet, Norsk kulturminnefond, Norsk Polarinstitutt, Riksantikvaren, Senter mot marin forsøpling og Svalbards miljøvernfond, og har om lag 260 tilsette.
Other jobs you may like
-
Underdirektør
- @ Olje- og energidepartementet
- Akersgata 59, 0180 Oslo, Norge