post@inkludi.no

Featured

Company Overview

  • Founded Date June 6, 1996
  • Posted Jobs 0
  • Viewed 2277
  • Categories Offentlig sektor

Company Description

Vi må omstille oss – også i offentleg sektor – viss det framleis skal vere mogleg å sikre eit høgt velferdsnivå i åra som kjem. Det er det samfunnsoppdraget og strategien til Difi fram til 2020 handlar om: Vi skal få omstilling til å skje.

VÃ¥rt samfunnsoppdrag

Difis samfunnsoppdrag er å vere det sentrale fagorganet for modernisering og omstilling av offentleg sektor.

Vi er fagorgan for Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet på fagområda leiing, organisering, offentlege anskaffingar og digitalisering i offentleg sektor. Difi skal bruke heile verktøykassa – vår fagkompetanse, våre verkemiddel og våre verktøy – for å få omstilling til å skje.

Difi forvaltar også dei nasjonale felleskomponentane Digital postkasse, ID-porten og Kontakt- og reservasjonsregisteret. Difi forvaltar også fleire andre fellesløysingar som Doffin.no, Offentleg elektronisk postjournal (OEP), Norge.no og data.norge.no. Robust drift og hensiktsmessig vidareutvikling av felles IKT-løysingar er ein generell føresetnad og eit verdifullt verktøy for å utøve samfunnsoppdraget vårt.

Difi skal vere ein pådrivar og premissgivar som får omstilling til å skje i tråd med fastsette mål, og vi skal bidra til å utvikle ny politikk på våre fagområde.

Difi skal bidra til å utvikle og fornye norsk forvaltning. Dette skal vi gjere på basis av spisskompetanse innan offentlege innkjøp, digitalisering, leiing og organisering.

Difi har om lag 300 tilsette i Oslo og i Leikanger. Vi legg vekt på mangfald og har som mål å nå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med redusert funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn.

Vi ber deg om å registrere fullstendig CV når du søkjer jobb hos oss. Du må også leggje kopiar av vitnemål og attestar til søknaden din. I samband med eventuell invitasjon til intervju vil vi likevel be deg om å ta med originaldokumenta.