post@inkludi.no

Digitaliseringsdirektoratet

Overview

  • Founded Date January 1, 1900
  • Sectors Offentlig sektor
  • Posted Jobs 0
  • Viewed 1798
  • Founded Since 1995

Company Description

Vi har om lag 370 ansatte i Oslo, Brønnøysund og Leikanger.

Digitaliseringsdirektoratet er opptatt av mangfold og deltar i regjeringens inkluderingsdugnad. Vi vil gjerne ha søknad fra deg som har nedsatt funksjonsevne, behov for tilrettelegging eller hull i CV-en.

Jobbe i Digitaliseringsdirektoratet

Gløder du for eit digitalt taktskifte og modernisering av det offentlege Noreg? Digitaliseringsdirektoratet arbeider for å få fart på digitaliseringa og treng dyktige folk med på laget.

Vil du vere med og digitalisere Noreg?

Digitaliseringsdirektoratet skal vere regjeringa sitt fremste verktøy for raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Våre målgrupper er staten og kommunane, næringsdrivande, frivillig sektor og innbyggarar.

Digitaliseringsdirektoratet har om lag 300 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Brønnøysund.

Som tilsett hos oss får du:

  • jobbe med eit av dei mest spennande samfunnsoppdraga i offentleg sektor
  • arbeide med engasjerte kollegaer og samarbeidspartnarar i eit inkluderande fagmiljø som deler kunnskap
  • varierte oppgÃ¥ver, ansvar og gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • konkurransedyktige lønsvilkÃ¥r og gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse

Løna di + pensjonsordninga = totalløna di

Det er stor forskjell på ulike pensjonsordningar. Som tilsett i Digitaliseringsdirektoratet vert du medlem i Statens pensjonskasse, som er ei av de beste pensjons- og forsikringsordningane i Noreg. Du betaler to prosent av løna som pensjonsinnskot, medan Digitaliseringsdirektoratet vil betale ca. 12 prosent for deg. Det betyr at for kvar krone du sparer sjølv i pensjon, sparer Digitaliseringsdirektoratet ca. seks kroner for deg.

Pensjon er ikkje berre viktig når du slutter å jobbe. Statens pensjonskasse gir deg også forsikringsordningar som gjer deg og familien din tryggare om noko uventa skjer.

Som medlem i Statens pensjonskasse

  • gir uførepensjonen deg og familien din større økonomisk tryggleik om du vert sjuk
  • kan ektefelle eller partnar ha rett til ektefellepensjon om du døyr, og om du har barn under 20 Ã¥r kan dei ha rett til barnepensjon
  • kan du tene opp pensjon medan du har permisjon
  • kan du fÃ¥ bustadlÃ¥n til gunstig rente
  • fÃ¥r du gruppelivsforsikring og yrkesskadeforsikring

Ledige stillingar

Vi legg vekt på mangfald og har som mål å nå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med redusert funksjonsevne og innvandrarbakgrunn. Vi ber deg om å registrere fullstendig CV når du søker jobb hos oss. Du må også legge kopiar av vitnemål og attestar til søknaden. I samband med eventuell invitasjon til intervju vil vi likevel be deg om å ta med originaldokumenta.