Etterretningsmedarbeidar (tolloverinspektør/rådgivar) til grensedivisjonen

Fast Tolletaten i Offentlig sektor E-postjobb
  • Dele:

Stillingsbeskrivelse

Tolletaten er ein kontrolletat i spennande utvikling og med mange igangverande endrings- og utviklingsprosessar. Vi søkjer no ein erfaren medarbeidar til ei nyoppretta stilling som tolloverinspektør/rådgivar med arbeidstittel innhentingsleiar (collecting manager) til etterretningsseksjonen i grensedivisjonen (GD).

Arbeidsdagen din vil vere prega av samarbeid med relevante funksjonar i heile organisasjonen. Du vil i stor grad kunne vere med og påverke, og du vil ha gode høve til å utvikle deg fagleg.

Stillinga er organisatorisk plassert i operativ fellesavdeling, etterretningsseksjonen. Seksjonen har om lag 30 medarbeidarar som utøver etterretning på fleire område. Du skal leie etterretningsinnhentinga i seksjonen ved å koordinere innhentingsbehov og omsetje dette til innhentingsoppdrag for GD-avdelingane. Innhenting, produksjon og rapportering skal støtte etaten si løysing av samfunnsoppdraga. Innhentingsleiaren rapporterer til seksjonssjefen.

 

Sentrale arbeidsområde:

  • ha ansvar for innhentingsplanen og koordinere ressursane som skal brukast til å innhente etterretningsinformasjon
  • ha ansvar for å koordinere og setje i verk informasjonsbehovet blant  analytikarane
  • ha ansvar for at innhentinga og produksjonen er i samsvar med behova i etaten
  • kvalitetssikre at rapporteringa er i tråd med gjeldande rutinar
  • følgje opp etterretningssamarbeidet med andre etatar både nasjonalt og internasjonalt innanfor gitt myndigheit

 

Kvalifikasjonskrav:

  • relevant bachelorgrad eller bestått fordjupingsnivå frå kompetansesenteret til tolletaten og svært god realkompetanse
  • erfaring frå fagleiing, gjerne innanfor etterretning
  • erfaring frå etat med sikkerheits- eller kontrollansvar
  • svært god skriftleg framstillingsevne
  • god generell IT-kompetanse, gjerne med innsikt i systema PUS, TREFF og VIRK

Eigenskapane dine:

  • høg integritet
  • strukturert og analytisk
  • god organisasjons- og heilskapsforståing
  • god rolleforståing og svært gode samarbeidsevner
  • sjølvstendig, initiativrik og med stor arbeidskapasitet
  • mål-, resultat- og utviklingsorientert
  • nysgjerrig og med godt humør

 

Vi tilbyr:

  • spennande arbeidsoppgåver
  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
  • stilling som rådgivar/tolloverinspektør og lønn kr 500 000 – 600 000. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstidsordning og trening i arbeidstida
  • arbeidsstad i Moss

 

Vi utfører SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.

Den som blir tilsett, må kunne tryggleiksklarerast for graden hemmeleg og levere uttømmande politiattest.

Etterretningsseksjonen til grensedivisjonen (GXET) er ein av tre seksjonar i den operative fellesavdelinga i divisjonen. GXET sitt miljø for analyse og etterretningsproduksjon skal bidra til kontrollarbeidet i divisjonen direkte, taktisk og operativt gjennom informasjon til den operative verksemda. Analysemiljøet skal gjennomføre analysar på bestilling frå områda og divisjonsleiinga og bidra til etterretningsarbeidet i etaten. Bestillingar av etterretning til eller frå andre einingar i etaten skal gå gjennom GXET for å sikre oversikt, kontroll og rett prioritering.

Inkludering og mangfald
I Tolletaten er vi opptekne av mangfald. Vi jobbar for eit inkluderande arbeidsliv og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Vi bidreg i inkluderingsdugnaden og er med på å realisere regjeringa sitt mål om at 5 prosent av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med funksjonsnedsetjing og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du har behov for tilrettelegging, prøver vi å oppfylle dette så langt det lèt seg gjere. Vi gjer merksam på at opplysningar om funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan bli brukte til statistikkformål.

Meir informasjon om stillinga får du ved å kontakte seksjonssjef Carsten Hagen på telefon 989 02 468.

Du finn meir informasjon om å jobbe hos oss på toll.no/jobb

Spørsmål om stillingen
Carsten Hagen
Seksjonssjef

Andre jobber du kanskje vil like