Over View

Kategori:  Offentlig Sektor
Omfang:  Vikariat
Posted:  05/08/2019

Requirements

Job Status

Dato publisert:  05/08/2019
Søknadsfrist:  05/26/2019

Location

Description

Vil du jobbe med digitalisering og tilgjengelegheit?

Ikt-løysingar i Noreg skal vere universelt utforma. Dette gjeld nettstadar, appar og automatar. Difi fører tilsyn med at private og offentlege verksemder, lag og organisasjonar følgjer forskrift om universell utforming av ikt. Tilsynet rettleier om universell utforming av ikt og jobbar for eit samfunn utan digitale barrierar.

Vi har ledig eit vikariat som teknolog frå 15.08.2019 – 14.08.2020 med moglegheit for forlenging.

Dine oppgåver er å

  • delta i tilsyn ved å teste universell utforming av nettsider og appar
  • gi informasjon om universell utforming av ikt gjennom nettsida vår eller via e-post eller telefon direkte til verksemdene
  • delta i ulike prosjekt, f.eks. webprosjekt eller utviklingsprosjekt
  • bidra i utgreiings- og analysearbeid, m.a. bidra til utarbeiding av statistikk

Agreement

Vi tilbyr deg

  • løn som førstekonsulent eller rådgjevar i lønsspennet kr 449 400– kr 619 300 etter kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn avtalast
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • familievenleg og fleksibel personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
  • treningsrom og høve til trening i arbeidstida

Vil du vite mer?

Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt:

Vitnemål og attestar må følgje søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer stillinga. Har du utdanning frå utlandet, tilrår vi ei autorisert oversetjing av vitnemåla og godkjenning frå NOKUT.

Vi gjer merksam på at søkjarlister kan bli offentleggjort etter offentleglova § 25.

Om Difi

Difi er det sentrale fagorganet for modernisering og omstilling av offentleg sektor. Dette skal vi gjere med spisskompetanse innanfor leiing, organisering, kompetanseutvikling, innovasjon, digitalisering, offentlege anskaffingar, ikt og universell utforming.

Vi er om lag 300 tilsette i Oslo og Leikanger, og verdiane våre er raus, modig og på.

Difi er opptatt av mangfald og deltar i inkluderingsdugnaden til regjeringa. Vi vil gjerne ha søknad frå deg som har nedsett funksjonsevne, behov for tilrettelegging eller hol i CV-en.

Qualifications

Kvalifikasjonar

Du må

  • ha fullført høgare utdanning med informatikk, samfunnsvitskap eller andre relevante fagfelt på bachelor- eller mastergradsnivå
  • vere god til å uttrykke deg skriftleg og munnleg på norsk

Vi ønskjer også at du har

  • erfaring med universell utforming eller menneske/maskin-interaksjon
  • erfaring med teknologi og ikt-løysingar og gjerne prosjektarbeid
  • kjennskap til og forståing for offentleg forvaltning

Vi søkjer deg som har

  • gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
  • evne til å jobbe sjølvstendig og målretta
  • god organisasjonsforståing og analytiske evner
  • evne til og interesse for å arbeide i team og prosjekt
Support