Over View

Kategori:  Offentlig Sektor
Omfang:  Fast
Posted:  04/10/2019

Requirements

Job Status

Dato publisert:  04/10/2019
Søknadsfrist:  05/01/2019

Location

Description

Om Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Seksjon for helsefag er ein del av Spesialisthelsetenesteavdelinga.

Vi er tett på nyheitsbiletet for helseområdet, politiske avgjerder og det helsepolitiske ordskiftet. Det gjer at vi har hektiske, varierte og interessante arbeidsdagar.

Spesialrådgjevar til Spesialisthelsetenesteavdelinga, Seksjon helsefag

Vi har no ledig ei fast stilling som spesialrådgjevar innan somatiske lidingar og sjukehustenester.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene er rådgjeving og sakshandsaming innan somatiske lidingar og sjukehustenester, kvalitet og pasienttryggleik. Du skal bidra med innspel til politiske avgjerder og til departementet si overordna styring av dei regionale helseføretaka. Du skal stå i tett kontakt med fagmiljø i Helsedirektoratet, dei regionale helseføretaka og sektoren elles.

Agreement

Vi tilbyr:

  • Fast stilling
  • Stillingsbrøk: 100 %
  • Løn etter avtale
  • Høgt kompetente kollegaer og eit hyggeleg arbeidsmiljø
  • Høve til å vere tett på viktige avgjerder for helsetenestene
  • God pensjons- og låneordning gjennom Statens Pensjonskasse
  • Vi har fem veker ferie, fleksitidordning og gode velferdsordningar

Nærare opplysningar om stillinga ved avdelingsdirektør Lisbet Rugtvedt mob. 4801 8012, lisbet.rugtvedt@hod.dep.no eller spesialrådgjevar Kristin Lossius mob. 9179 5410, kristin.lossius@hod.dep.no

Qualifications

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • medisinsk embetseksamen eller anna relevant helsefagleg utdanning på masternivå
  • erfaring innan klinisk arbeid, leiing, tillitsvaldarbeid eller arbeid i regionale helseføretak/ helseforvaltinga.
  • gode analytiske og strategiske evner
  • god samfunnsforståing og interesse for politiske prosessar

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer ein kollega som:

  • har godt humør og er raus
  • har gode samarbeidsevner
  • kan jobbe sjølvstendig og stundom under høgt tidspress
  • har gode formidlingsevner, både skriftleg og munnleg på norsk
  • arbeider effektivt og er løysingsorientert

Vi legg vekt på om du høver som person.

Support