Over View

Kategori:  Offentlig Sektor
Omfang:  Fast
Posted:  04/10/2019

Requirements

Job Status

Dato publisert:  04/10/2019
Søknadsfrist:  05/01/2019

Location

Description

Om Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Seksjon for helsefag er ein del av Spesialisthelsetenesteavdelinga.

Vi er tett på nyheitsbiletet for helseområdet, politiske avgjerder og det helsepolitiske ordskiftet. Det gjer at vi har hektiske, varierte og interessante arbeidsdagar.

Seniorrådgjevar/rådgjevar/førstekonsulent til Spesialisthelsetenesteavdelinga, Seksjon helsefag

Vi har no to ledige stillingar innan psykisk helsevern og TSB (tverrfagleg spesialisert rusbehandling).

Arbeidsoppgåver

Psykisk helsevern og TSB er to fagområde som har høg politisk prioritet. Du får varierte oppgåver, ofte med korte fristar, både vanleg sakshandsaming og større utviklingsoppgåver. Det er påkravt med jamn kontakt med fagmiljø i Helsedirektoratet, dei regionale helseføretaka, andre departement og sektorane elles.

Agreement

Vi tilbyr

  • Fast stilling
  • Stillingsbrøk: 100 %
  • Sjølvstendige og varierte arbeidsoppgåver
  • Høgt kompetente kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Løn 450 000 – 675 000, avhengig av kvalifikasjonar og stillingskategori. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • God pensjons- og låneordning gjennom Statens Pensjonskasse
  • Vi har fem veker ferie, fleksitidordning og gode velferdsordningar

Nærare opplysningar om stillinga ved avdelingsdirektør Lisbet Rugtvedt tlf. 4801 8012/ lisbet.rugtvedt@hod.dep.no eller spesialrådgjevar Thor Rogan, tlf. 4811 3049/ thor.rogan@hod.dep.no eller seniorrådgjevar Christian Sohlberg, 9099 4445/ christian.sohlberg@hod.dep.no

Qualifications

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • høgare relevant utdanning på minimum masternivå
  • innsikt i – og interesse for arbeidsfeltet psykisk helsevern og TSB
  • god samfunnsforståing og interesse for politiske prosessar
  • analytiske evner

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer ein kollega som:

  • er raus og omgjengeleg
  • har gode samarbeidsevner
  • kan jobbe sjølvstendig, strukturert og effektivt
  • er løysingsorientert
  • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Vi legg vekt på om du høver som person.

Support