Newest Jobs

Over View

Kategori:  Offentlig Sektor
Omfang:  Fast
Posted:  05/11/2019

Requirements

Job Status

Dato publisert:  05/11/2019
Søknadsfrist:  05/26/2019

Location

Description

Vil du være med og vidareutvikle legemiddelpolitikken?

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Legemiddelseksjonen er ein del av Spesialisthelsetenesteavdelinga. Seksjonen har ansvaret for arbeid med mål og verkemiddel for legemiddel og medisinsk utstyr. Dette vert m.a. oppfølgt gjennom regelverksarbeid,

økonomiske verkemiddel, dei årlege budsjettprosessane og etatsstyringa av Statens legemiddelverk. Vi er tett på nyheitsbiletet for helseområdet, politiske avgjerder og det helsepolitiske ordskiftet. Det gjer at vi har hektiske, varierte og interessante arbeidsdagar.

Seniorrådgjevar (økonom) i Legemiddelseksjonen

Spesialisthelsetenesteavdelinga ser etter ein økonom som har lyst til å jobbe med regulering av legemiddelmarknaden. Vi har ledig fast stilling som seniorrådgjevar i Legemiddelseksjonen. Legemiddelmarknaden er i stor grad regulert gjennom lover og forskrifter. I tillegg er reguleringa av dei økonomiske verkemidla og rammevilkåra heilt sentrale for legemiddelpolitikken. Dette er i kjernen av arbeidsoppgåvene til stillinga.

Arbeidsoppgåver

Oppgåvene vil variere frå sakshandsaming til større utviklingsoppgåver. Døme på oppgåver er:

  • Sakshandsamingsoppgåver knytte til økonomisk verkemiddelbruk
  • Vurdere effekten av ulike tiltak og ordningar
  • Gje fagleg funderte råd som kan vere med å utvikle legemiddelpolitikken
  • Vere med på budsjettoppfølging og etatsstyring av Statens legemiddelverk
  • Internasjonalt arbeid og kontakt med pasient- og bransjeorganisasjonar

Agreement

Vi tilbyr:

  • Stillingsbrøk: 100 %
  • Sjølvstendige og varierte arbeidsoppgåver
  • Høve til fagleg utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø med kunnskapsrike og kompetente kollegaer
  • Fleksibel arbeidstidordning
  • God pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse
  • Stillinga vert løna som seniorrådgjevar i spennet frå 580 000 til 700 000. For særskilt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Trening i arbeidstida

Du får meir informasjon om stillinga ved å kontakte avdelingsdirektør Jan Berg på telefon 924 80 584 og underdirektør Bjørg Storesund på telefon 415 69 493.

Qualifications

Krav til kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis økonomi, på masternivå eller høgare, med gode resultat
  • God økonomisk utgreiingskompetanse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Interesse for politiske prosessar og god rolle- og samfunnsforståing

Personlege eigenskapar

  • ha evne til strategisk og analytisk tenking
  • trivast med faglege utfordringar og tverrfagleg samarbeid
  • vere fleksibel, sjølvstendig og ha særs gode samarbeidsevner
  • ha evne å jobbe metodisk og systematisk
  • vere god til å planleggje og gjennomføre oppgåvene

Vi legg vekt på om du høver som person.

Support