Over View

Kategori:  Offentlig Sektor
Omfang:  Fast
Posted:  05/13/2019

Requirements

Job Status

Dato publisert:  05/13/2019
Søknadsfrist:  05/28/2019

Location

Description

Eittårig vikariat som førstekonsulent/rådgjevar/seniorrådgjevar i Folkehelseavdelinga, seksjon for alkohol-, narkotika – og tobakkspolitikk

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for folkehelsearbeidet og for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. I seksjon for alkohol-, narkotika- og tobakkspolitikk i Folkehelseavdelinga er det no ledig eit vikariat.

Seksjonen har ansvar for førebyggingspolitikken på områda alkohol, narkotika og tobakk; her inngår ansvar for alkohollovgjevinga, tobakkslovgjevinga og eigarstyringa av AS Vinmonopolet. Seksjonen har òg ansvar for det internasjonale arbeidet på fagfeltet, herunder arbeid knytt til EU/EØS og internasjonal handelsrett.

Arbeidsoppgåver i rolla

Den nye kollegaen vår skal arbeide med

  • utgreiingsoppgåver knytte til alkohol- og tobakkslovgjevinga
  • vanlege forvaltingsoppgåver, som å svare på førespurnader frå einskildpersonar og førebu saker til politisk leiing knytt til saksfeltet
  • det kan òg vere aktuelt med andre oppgåver knytte til område avdelinga har ansvar for

Agreement

Vi tilbyr

  • Sjølvstendige og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit spennande fagmiljø med gode høve til fagleg utvikling.
  • Godt arbeidsmiljø
  • Stillingsbrøk: 100 prosent i eitt år
  • Løn kr 449 400 – 720 000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.
  • God pensjonsordning
  • Fleksibel arbeidstid
  • Trening i arbeidstida

Øvrig informasjon

HOD har eit personalpolitisk mål om å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, å rekruttere personar med nedsett funksjonsevne, og å rekruttere uavhengig av livssyn og seksuell orientering. Vi ønskjer fleire menn på arbeidsplassen vår, og oppmodar difor menn til å søkje.

Nærare informasjon om stillinga ved avdelingsdirektør Lilly Sofie Ottesen mobilnr. 917 31 187.

Qualifications

Krav til kvalifikasjonar

  • Juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap.
  • For vurdering i rådgjevar-/seniorrådgjevarstilling krev me god/særs god sakshandsamings- og utgreiingskompetanse
  • Kjennskap til offentleg forvalting og saksområda i seksjonen, herunder EU-/EØS-rett og WTO-rett, vert vektlagt.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
  • Erfaring frå internasjonalt arbeid, særleg EU/EØS-arbeid, er relevant, og det er positivt med gode engelskkunnskapar.

Eigenskapar vi ser etter:

Den nye kollegaen vår

  • tek initiativ, er sjølvstendig, strukturert og effektiv
  • har gode analytiske evner
  • er pliktoppfyllande og har god gjennomføringsevne
  • er ein raus, fleksibel og omgjengeleg person med vilje og evne til å arbeide tverrfagleg
  • er engasjert og flink til å finne løysingar i komplekse saker med ulike interesser
  • har god samfunnsforståing og er interessert i politiske prosessar og statlege styringsverkemiddel.

Vi legg særleg vekt på om du høver som person.

Support