Ledige stillinger

View Job
Overview
Kategori:  Offentlig Sektor
Omfang:  Fast
Posted:  12/18/2018
Requirements
Job Status
Dato publisert:  12/18/2018
Søknadsfrist:  02/03/2019
Direktoratet for forvaltning og IKT http://www.difi.no
Description

Vil du jobbe med web-utvikling i Difi?

Web-utviklar

Vil du jobbe med web-utvikling i Difi?

Difi er det sentrale fagorganet for modernisering og omstilling av offentleg sektor. Hos Difi vil du bli ein del av eit større utviklingsmiljø og utviklarane har eit stort spenn i arbeidsoppgåver, noko som gir gode moglegheiter for personleg utvikling.

Vi legg vekt på smidig arbeidsmetodikk og effektive og hurtige leveransar. Du vil få oppgåver i samarbeid med fagmiljø både i og utanfor Difi. Du vil bli ein del av teamet som jobbar med Difi sine portalløysingar som omfattar mellom anna www.difi.no, www.anskaffelser.no og www.norge.no.

Våre tenester er stadig meir etterspurde og vi skal difor styrke utviklingsseksjonen med web-utviklar. Stillinga er fast med arbeidsstad Leikanger.

I tillegg til spennande faglege utfordringar, kombinerer vi fleksibel arbeidstid med fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø. Med eit ungdommeleg studentmiljø og mange spennande fritidstilbod er Sogn ein attraktiv stad å bu.

Agreement

Vi tilbyr deg

  • løn som førstekonsulent, rådgjevar eller seniorrådgjevar i lønsspennet kr 449 400 – kr 778 700 etter kvalifikasjonar
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ein av dei beste pensjonsordningane i landet med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • familievenleg og fleksibel personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
  • treningsrom og høve til trening i arbeidstida
To kollegaer i korridoren på jobben

Vil du vite meir?

Synest du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt

Vitnemål og attestar må følgje søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemåla frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillingen. Har du utdanning fra utlandet, anbefaler vi en autorisert oversettelse av vitnemål og godkjenning fra NOKUT.

Vi gjer merksam på at søkjarlister kan bli offentleggjort i følgje offentleglova § 25.

Qualifications

Kvalifikasjonar

Du må ha

  • bachelor- eller masterutdanning innan programmering/systemutvikling. Lang og særleg relevant erfaring kan kompensere for dette kravet
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • interesse for systemutvikling og webteknologi

 

Du bør i tillegg ha erfaring frå minst eitt av følgjande område

  • utvikling av portalløysingar i for eksempel Drupal
  • objektorienterte programmeringsspråk som PHP og Java
  • infrastrukturkomponentar og løysingar som Nginx/Apache, MySQL og Varnish
  • presentasjonslagsteknologi som HTML5, CSS3, Bootstrap og AngularJS
  • automatisk byggings- og utrullingsverktøy som Jenkins, Vagrant og Maven
To kolleger som samarbeider i et åpent landskap

Vi søkjer deg som

  • kan jobbe sjølvstendig og i team
  • har stor arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne
  • er engasjert, strukturert, analytisk og løysingsorientert
  • likar å presentere teknologi og løysingar for andre enn teknologar
Kolleger som prater sammen på et møte
Preferred Skills