Ledige stillinger

View Job
Kommunikasjonsrådgjevar
Overview
Kategori:  Offentlig Sektor
Omfang:  Fast
Posted:  11/06/2018
Requirements
Job Status
Dato publisert:  11/06/2018
Søknadsfrist:  11/25/2018
Direktoratet for forvaltning og IKT http://www.difi.no
Description

Vi søker ein erfaren kommunikasjonsrådgjevar som kan leve opp til våre verdiar raus, modig og på. Du vert motivert av å få omstilling til å skje med kommunikasjon som viktigaste arbeidsverktøy. Vi leiter etter deg som har god vurderingsevne og gode strategiske refleksar. Du kan handtere både dei enkle og mest krevjande kommunikasjonsutfordringane, og du er ein trygg rådgjevar i landskapet mellom fag, politikk og strategi.

Du kjem til eit hyggeleg og sterkt fagmiljø kor vi dyrkar samhandling prestisjelaust for å skape resultat og leveransar som gjer ein forskjell. Arbeidsstad er i Leikanger. Du vil arbeide tett med avdeling for digitale fellesløysingar og tilsyn for universell utforming av ikt i tett og dagleg samarbeid med dine kommunikasjonskollegaer i Oslo. Stillinga er fast.

Arbeidsoppgåver for vår nye kollega er

  • operativ og strategisk kommunikasjonsfagleg rådgjeving og bistand
  • mediehandtering, -analyse og -beredskap
  • strategisk internkommunikasjon
  • å hjelpe Difi å kommunisere slik at målgruppene finn det dei skal, forstår det dei finn og får gjort det dei skal
Agreement

Vi tilbyr deg

  • ei utfordrande stilling i ei verksemd med eit viktig og meiningsfullt samfunnsoppdrag
  • løn som som rådgjevar eller seniorrådgjevar i lønsspennet kr 480 600 – kr 778 700 etter kvalifikasjonar
  • ein familievenleg og fleksibel arbeidsplass med treningsrom og moglegheit for trening i arbeidstida
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av dei beste pensjonsordningane i landet med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar

Generelt

Synest du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne

Kommunikasjonsdirektør Onar Aanestad, telefon 924 26 631

Avdelingsdirektør for digitale fellesløysingar Torgeir Strypet, telefon 971 49 903

Vitnemål og attestar må følgje søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer stillinga. Har du utdanning frå utlandet, tilrår vi ei autorisert oversetjing av vitnemåla og godkjenning frå NOKUT.

Qualifications

 Du må ha

  • erfaring med operativ og strategisk kommunikasjonsrådgjeving både internt og eksternt
  • erfaring med mediehandtering, -analyse og -beredskap
  • erfaring med bruk av sosiale medium og video
  • ein god penn og kompetanse på klart språk
  • relevant høgare utdanning. Lang og relevant erfaring kan kompensere for krav til utdanning

I tilllegg bør du ha:

  • gode kunnskapar i nynorsk
  • kjennskap til og interesse for universell utforming
  • evne til å gjere tekst og innhald enkel å forstå, gjerne med visuelle verkemiddel
  • erfaring med å bruke, ivareta og vidareutvikle verksemda sin visuelle profil
  • erfaring med å bestille frå og samarbeide med eksterne leverandørar

Vi søkjer deg som

  • har dokumentert evne til å samarbeide effektivt og avlastande i team
  • hjelper til og foreslår løysingar når du ser ei utfordring
  • bruker eit klart språk og gir tydelege vurderingar, råd og anbefalingar
  • seier klart frå, stiller spørsmål og foreslår betre løysingar
  • er i forkant og gjer det lettare for andre å hjelpe og gjere jobben sin
Preferred Skills