Ledige stillinger

View Job
Kommunikasjonsrådgivar
Overview
Kategori:  Offentlig Sektor
Omfang:  Fast
Posted:  11/02/2018
Requirements
Job Status
Dato publisert:  11/02/2018
Søknadsfrist:  11/22/2018
Helse og omsorgsdepartementet http://www.hod.dep.no
Description

Vi søker ein samfunnsengasjert kommunikasjonsrådgivar med god digital kompetanse til ein fast stilling.

Som kommunikasjonsrådgivar i Helse- og omsorgsdepartementet får du ein av dei mest spanande kommunikasjonsjobbane i landet. Helsepolitikk angår alle og engasjerer mange. Kommunikasjonseininga jobbar tett med politisk leiing. Vi søker derfor etter ein samfunnsengasjert medarbeidar med god rolleforståing og god forståing av aktuelle helsepolitiske saker og utviklinga i medielandskapet.

Arbeidsoppgåver:

  • Produsere, redigere og publisere digitalt innhald som video og foto, nyheitsgrafikk og nyheitssaker
  • Ha ansvar for departementet sine digitale flater, som sosiale media og nettsider
  • Planlegge og koordinere den digitale dekninga av departementets arbeid og politiske satsingsområder
  • Handtere førespurnader frå pressa
  • Inngå i pressevaktordninga
  • Planlegge og følgje politisk leiing på reiser
Agreement

Vi tilbyr:

  • Ein spanande jobb tett på departementet sine fagavdelingar og politisk leiing
  • Stort rom for sjølvstendig og kreativt arbeid
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Lønnsspenn førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar: 460.000-700.000

For særleg kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare løn.

Den som blir tilsett, må kunne verte sikkerhetsklarert.

Generell informasjon:
Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.
Som IA-verksemd vil departementet leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Søkarar som opplyser om at dei har redusert funksjonsevne, vil bli kalla inn til intervju dersom dei er kvalifiserte for stillinga.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på den offentlege søkarlista. Søkaren vil i tilfelle bli informert før offentleggjering.

Kontaktinformasjon:
Fungerande kommunikasjonsdirektør Andreas Keus, mobil 950 72 023, e-post: andk@hod.dep.no

Qualifications

Kvalifikasjonar:

  • Kompetanse innan digital kommunikasjon. Beherska Adobe Creative Cloud og andre digitale program
  • Relevant arbeidserfaring, gjerne som videojournalist
  • Relevant høgare utdanning. Relevant arbeidserfaring kan erstatta manglande formell utdanning
  • Erfaring frå offentleg sektor og kjennskap til politiske prosessar vil bli lagt vekt på

Personlege eigenskapar:

  • Idérik og initiativrik
  • Arbeider godt under press
  • Du må ha stor interesse for sosiale media og målgruppeforståing
  • Interesse for departementet sine fagområde
  • Fleksibel og arbeidsvillig
  • God vurderingsevne og van til å handle raskt når det er nødvendig
  • Omgjengeleg med gode samarbeidsevner
Preferred Skills