Har du lyst til å jobbe som jurist hos oss? - Inkludi

Har du lyst til å jobbe som jurist hos oss?

av / Wednesday, 10 January 2018 / Published in
Patentstyret Published: 10. January 2018

Description

I Design- og varemerkeavdelinga er vi 20 juristar som behandlar nasjonale og internasjonale søknader om varemerke, motsegn og administrativ overprøving av varemerke og føretaksnamn. I tillegg rettleier vi kundar, held foredrag og driv intern rådgjeving. Seksjonen deltek i internasjonalt arbeid for utvikling av regelverk og harmonisering av europeisk praksis.

Arbeidsområde/arbeidsoppgaver

  • Arbeidet omfattar behandling av nasjonale og internasjonale varemerkesøknader, kunderettleiing og informasjonsarbeid.

Personlige egenskaper

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og effektivt
  • Evne til å arbeide strukturert
  • Gode samarbeids-og kommunikasjonsevner
  • Kundeorientert

Nødvendige kvalifikasjoner

  • Du må ha juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap Det er ein fordel med kjennskap til fagområdet.
  • Du må ha gode språkkunnskapar (norsk og engelsk skriftleg/munnleg).
  • Det er ein fordel om du har saksbehandlarerfaring.

Vi tilbyr

  • ei framtidsretta verksemd
  • eit stort juridisk miljø
  • karriereplan med gode utviklingsmoglegheiter,
  • medinnverknad og ansvar
  • eit aktivt, positivt og uformelt miljø
  • gunstig og fleksibel arbeidstid (sommartid)
  • gode velferdsordningan
  • Stillinga er lønt som førstekonsulent frå kr 454 700. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn og/eller stilling som rådgjevar frå kr 475 000. Det kan i tillegg bli høve for mellombels stilling i inntil 1 år.

Generelle opplysninger

  • Vi utfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar via Semac.
  • Som IA-verksemd legg vi vekt på å leggje til rette arbeidstilhøva for personar med nedsett funksjonsevne.
  • Vi ønskjer ei balansert samansetjing av arbeidsstyrken, og oppmodar derfor kvalifiserte personar med minoritetsbakgrunn om å søkje.
  • Etter offentleglova kan ein søkjar bli offentleggjord sjølv om han eller ho har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Vedkommande blir i så fall varsla på førehand.

Søk på stilling

Location

Oslo, Norway
Job Type

Fast
Om selskapet

Patentstyret er eit nasjonalt kompetansesenter for immaterielle rettar. Vi er direkte underlagt Nærings- og fiskeridepartementet. Patentstyret hjelper næringslivet med å sikre verdiane som blir skapte gjennom nye produkt, innovasjon, forsking og utvikling. Vi behandlar søknader og tilbyr tenester i tilknyting til patent-, varemerke- og designrettar.Vi deltek i regionalt og internasjonalt samarbeid på immaterialrettsområdet, for å utvikle internasjonalt regelverk i tråd med norske interesser. Arbeidet vårt skal bidra til å betre konkurranseposisjonen til norske bedrifter og skape økonomisk vekst i det norske samfunnet. Vi er 250 dyktige medarbeidarar og held til i moderne lokale sentralt i Oslo.

Avdeling

Design- og varemerkeavdelinga

Kontaktpersoner:

Knut A. Bostad Seksjonssjef(+47) 22387405 / 900 65 696

Søknadsfrist

23.01.2018

Bruk
Drop files here browse files ...

Related Jobs

Ordensvakter/Vektere   Oslo, Norway
25. February 2014
TOP
Are you sure you want to delete this file?
/