Jurist, rådgjevar/seniorrådgjevar i legemiddelseksjonen - Inkludi

Jurist, rådgjevar/seniorrådgjevar i legemiddelseksjonen

av / Monday, 08 January 2018 / Published in
Helse og omsorgsdepartementet Published: 8. January 2018

Description

Me har ledig fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar i legemiddelseksjonen i folkehelseavdelinga. Legemiddelseksjonen har ansvaret for arbeid med dei legemiddelpolitiske måla og området medisinsk utstyr. Dette vert m.a. fylgt opp gjennom regelverksarbeid, arbeid med dei årlege budsjettprosessane og etatsstyring av Statens legemiddelverk. Internasjonalt arbeid og kontakt med pasient- og bransjeorganisasjonar ligg til oppgåvene i seksjonen.

Arbeidsområde/arbeidsoppgaver

  • Seksjonen har m.a. ansvar for fylgjande lover med tilhøyrande forskriftsverk: legemiddellova, apoteklova, lov om medisinsk utstyr og delar av folketrygdlova. Arbeidsoppgåvene er i hovudsak knytte til regelverksutvikling og oppfylging av einskildsaker. Oppgåvene kan variera over tid. Det kan òg vera aktuelt å arbeida på andre sakfelt innafor ansvarsområda i avdelinga.

Personlige egenskaper

  • Me søkjer deg som er leveringsfør og har godt humør. Du må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne, gode analytiske evner, vera strukturert, sjølvstendig og ha god samarbeidsevne. Me vil leggja vekt på at du høver som person. Me ønskjer ein initiativrik og resultatorientert person med vilje og evne til å arbeida tverrfagleg. Du bør ha god samfunnsforståing og vera interessert i politiske prosessar og statlege styringsverkemiddel.

Nødvendige kvalifikasjoner

  • Me krev juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap. Du må ha god (rådgjevar)/særs god (seniorrådgjevar) sakhandsamings- og utgreiingskompetanse, irekna røynsle med lov- og forskriftsarbeid, og god kjennskap til offentleg forvaltning. Kjennskap til sakområda i seksjonen vert vektlagt. Røynsle frå internasjonalt arbeid, særleg EU/EØS-arbeid, er relevant, og det er positivt om du har gode engelskkunnskapar.

Vi tilbyr

  • Me tilbyd eit spanande og fagleg utfordrande miljø med gode høve til utvikling. Me har eit godt arbeidsmiljø med kompetente og trivelege kollegaer. Me har fleksitidordning og gode velferdsordningar.
  • Me ønskjer fleire menn på arbeidsplassen vår, og oppmodar difor menn til å søkja.
  • Løn: 430 100–722 400.

Generelle opplysninger

  • Du får meir informasjon om stillinga ved å kontakta avdelingsdirektør Jan Berg telefon 924 80 584 og underdirektør Bjørg Storesund telefon 415 69 493.

Søk på stilling

Location

Oslo, Norway
Job Type

Fast
Om selskapet

Hovudoppgåvene til folkehelseavdelinga er knytte til legemiddelspørsmål, helsefremjande og førebyggjande arbeid, helseovervaking, ernæring og mattryggleik, og alkohol- og narkotikaspørsmål. Folkehelseavdelinga er inndelt i fire seksjonar: legemiddelseksjonen, folkehelseseksjonen, seksjon for ernæring og mattryggleik, og seksjon for alkohol-, narkotika- og tobakkspolitikk.

Avdeling

Folkehelseavdelinga

Kontaktpersoner:

Avdelingsdirektør Jan Berg telefon 924 80 584 og underdirektør Bjørg Storesund telefon 415 69 493.

Søknadsfrist

22.01.2018

Bruk
Drop files here browse files ...
TOP
Are you sure you want to delete this file?
/