Jobs

Jobs

Over View

Kategori:  Offentlig Sektor
Omfang:  Fast
Posted:  11/27/2019

Requirements

Job Status

Dato publisert:  11/27/2019
Søknadsfrist:  12/28/2019

Location

Description

Eldreombodet

Eldreombodet skal etablerast i Ålesund hausten 2020, og vert ein sjølvstendig og fagleg uavhengig etat som er administrativt underordna Helse- og omsorgsdepartementet. Framlegg til lov om Eldreombodet er på høyring med frist 6. desember 2019, med sikte på at Stortinget har lovframlegget føre i vårsesjonen. Lova vert ramma for arbeidsområdet og verksemda til Eldreombodet.

Eldreombodet skal på ein uavhengig måte arbeide for å fremje interessene, rettane og behova til eldre andsynes offentlege og private verksemder, og følgje med på utviklinga i situasjonen for eldre på alle samfunnsområde. Eldreombodet skal ikkje ha formell makt, men får godt høve til å påverke gjennom fagleg solide råd og utspel som engasjerer og rører avgjerdstakarar og viktige interessentar.

Nytt eldreombod skal leie etableringa og sidan drift og utvikling av etaten Eldreombodet.

Sentrale oppgåver og ansvar

  • arbeide for at interessene, rettane og behova til eldre vert varetekne i planlegging og utgreiingar på alle samfunnsområde
  • følgje med på om interessene, rettane og behova til eldre er tilstrekkeleg varetekne
  • kome med framlegg til tiltak som kan styrkje situasjonen for eldre og løyse eller førebyggje utfordringar for eldre i samfunnet
  • følgje med på at offentlege organ og private aktørar får tilstrekkeleg informasjon om interessene, rettane og behova til eldre
  • leggje til rette for samarbeid med relevante offentlege organ og andre aktørar som arbeider for interessene til eldre
  • gje informasjon, råd og rettleiing om tilhøve som høyrer inn under arbeidsområdet til ombodet.

Agreement

Generell informasjon

Eldreombodet vert oppnemnt i statsråd for ein periode på 6 år frå 1. juli 2020 med atterhald om vedtak i Stortinget, og kan sitje i éin periode.

Løn etter avtale.

Helse- og omsorgsdepartementet som arbeidsgjevar ønskjer å spegle mangfaldet i samfunnet. Alle kvalifiserte kandidatar vert oppmoda til å søkje uavhengig av bakgrunn og tilhøyrsle. Øvre aldersgrense i staten er 70 år, jf. aldersgrenselova § 2.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar vert i tilfelle varsla før offentleggjering.

Vil du vite meir?

Vil du vite meir, må du gjerne ta kontakt med Visindi v/Heidi Wiggen, tlf. 916 56 103 eller Hege Solbakken, tlf. 911 04 141.

Slik søkjer du

Send søknad med CV snarast og seinast innan 29. desember via www.visindi.no.

https://visindi.no/stilling/eldreombod

Om Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og primærhelse- og spesialisthelsetenesta,

medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvaltning av helseføretaka. Departementet har 220 tilsette.

Les meir om oss på regjeringa.no.

Qualifications

Nytt eldreombod må ha

  • høgare utdanning
  • relevant leiarerfaring
  • innsikt i og forståing for forvalting, styring og politiske prosessar
  • god rolleforståing
  • god kunnskap om ulike samfunnssektorar
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk, og evne til å kommunisere godt i media

Vi søkjer etter eit engasjert og fagleg sterkt eldreombod som

  • har god gjennomføringsevne og erfaring frå utviklingsprosessar
  • er initiativrik og kreativ
  • har kunnskap om situasjonen for dei eldre
  • er nettverksbyggjar og har gode samarbeidsevner
  • er raus og omgjengeleg
  • evnar å inspirere og leie kompetente medarbeidarar

Aktuelle kandidatar kan ha relevant erfaring og kompetanse frå m.a.:

  • Offentleg sektor; administrasjon, samfunnsplanlegging, forvalting, tenesteyting, helse- og omsorgssektoren osb.
  • Forskingssektoren
  • Friviljuge organisasjonar
  • Interessepolitisk arbeid
  • Kommunikasjon

Vi legg vekt på om du høver som person for stillinga.

Preferred Skills

Send søknad

screen tagSupport